18. Ei mor – tre søner

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 10. januar 1980

Nokre replikkar vil stå der i ettertid som eit minne om at det var nokon att her heime som bar byrder. Ugløymande i så måte er orda frå Torkjell Heimark til Lars Røstøen i det han løyste gavlabåten «Kolbjørn» ved Jørneskjeret den augustnatta i 1941:
– Gje desse pengesetlane til mor!
Det viser òg at dei som reiste gjorde seg tankar om sine kjære.
Sterkt i minnet vil òg svaret frå Engel Haugland stå. Svaret som sonene Arne fekk då han kom og bad faren om hjelp om å få båten «Nyvon» og fara til England.
– Ta de båten og reis karar! Me gamle skal vel klara oss på eit vis.
Då må me ikkje gløyma at desse orda kom frå ein mann som sat med ein stor barneflokk og båten var heile levebrødet hans. Og det var i ei tid utan trygd og stønad.
Det var så mange som kunne vore trekt fram. Når eg likevel vel å skriva om ei kvinne – og let henne vera representant for dei mange – så er det fordi ho støtt dukkar opp i bakgrunnen der ting skjer utan at ho sjølv stod i fokus. Vidare fordi krigen snudde opp ned på heile hennar tilvære, men like fullt heldt ho fram og arbeidde for det ho trudde på. Kort sagt ho var kvardagshelten som me hadde så mange av rundt i landet den gong, men som aldri har fått nokon festtale eller bauta.

Anna Drønen var fødd på Hufthamar i 1880. I 1913 vart ho gift med den snaut tre tre år eldre Hans Drønen og slo seg ned på småbruket på Drøna der han dreiv fiske saman med brørne og Anton.

Då krigen braut ut var familien på åtte. Foreldra, dei tre brørne Olav, Lars og Harald og systrene Maria, Lona og Margit. Olav – den eldste av gutane – var nett ferdig med styrmannsskulen og Lars ville gå same vegen.
Framtida såg ljos ut.
Vel fire år seinare var Anna enke med alle dei tre sønene sine i utlegd. Heimen hennar var støtt i Gestapos søkjelys.
Framtida var heilt i det uvisse.
Det byrja med Olav som i aprildagane aktivt tok del i krigshandlingane som marineoffiser. I mai 1940 flykta han til England, men kom attende ei veke seinare med spesialoppdrag.
Etter den tid var huset ytst på Drøna sentrum for mykje som den tid ikkje tåla dagens ljos!
I september 1941 reiste sonen Lars til England som skipper på «Sjølivet».
I 1942 døydde så mannen hennar berre 54 år gamal.

Same året vart Olav arrestert av tyskarane og sett i fengsel i Bergen mistenkt (med rette!) for å ha hjelpt til med englandsfarten. Men han kom seg klar og vel eit halvt år seinare var han på frifot og heldt fram med verksemda som om ingenting hadde hendt.
I dei to åra som følgde vart heimen på Drøna eit motstandsreir. Olav var støtt på farten, organiserte og stod i, agentar kom og gjekk. Det vart lagra våpen og materiell frå båtar som kom over frå Shetland. Dette vart stua vekk på dei mest utenkelege stadar. – Ja, våren 1944 vart det fødd ei jente på Drøna som rett og slett kom til verda på ein haug med handgranatar. Olav hadde stua desse inn under senga og der var ikkje så dumt. Sjølv tyskarane ville vel ta omsyn til ei sengekone…
Men berre to månadar seinare var denne vesle jenta i England. Truleg den yngste englandsfarar under heile krigen. Det hadde seg slik at 5. juni 1944 måtte Olav røma og han tok med seg kona Annemor, dei to barna og broren Harald.
Så var dei borte alle mannfolka i heimen. Anna sat der att med dei tre døtrene og skulle driva garden. I ei slik stode ville det lettaste vore å gje opp. Med det gjorde ikkje Anna. Me veit at ved juletider 1944 låg det igjen agentar i dekning hjå henne og venta på høve til å koma vestover.
Og då Olav kom attende til Noreg januar 1945 som leiar for ei gruppe med spesialoppdrag vart igjen heimen på Drøna base og utgangspunkt.

Påska 1945 vart det rassia heime hjå Anne. Gestapo hadde fått nyss i at Olav var i Bergen og dei sende då folk ut til Drøna. Under ransakinga i huset nærma dei seg stygt ein stad på lemen der Olav hadde stua vekk nokre uniformer. Anna såg at dette heldt på å gå gale. På ein eller annan måte fekk ho sett ein rokk i vegen, lest som ein av tyskarane var borti dennne medan dei i røynda var ho sjølv som valde skaden. Ho sette då i å gråte og bra seg.
– Her kan de sjå! Ikkje nok med at no er sønene mine vekke, men her kjem de og øydelegg levebrødet mitt.
Korleis det enn var så vart tyskarane så skjemde og opptekne med den øydelagde rokken at meir vart ikkje gjort på lemen.
Anna Drønen må ha vore eit menneske utanom det vanlege. Me får le det som her er sagt tala for seg sjølv. Likevel er det fristande å høyra kva ein som korkje er i slekt eller nabo har å seie. Tomas Torsvik – seinare journalist i BT – låg i dekning ute på Drøna eit par døger i 1944, før dei rømde med «Njål». Her er hans ord i 1979:
– Mitt møte med fru Drønen var kort og hektisk i de dagene mens vi lå i spenning og ventet på båt. Jag var fullt klar over hennes situasjon og hvordan den etter dette ville bli. Ekstra imponerende ver derfor hennes måte å opptre på. Hun virket usedvanlig viljesterk, men uten på noen måte å være dominerende. Han var til det yderste sympatisk og eg må si hun var et av de sjeldne mennnesker eg har møtt.

Anna var med rette stolt over sønene sine og den innsats dei hadde gjort kvar på sin måte i frigjeringskampen.
Ein dag seinhaustes i 1964 medan ho var hjå dottera i Bremanger fekk ho vita at sonen Lars var død på eit sjukehus på Austlandet. Same kvelden døydde Anna.

Kjelder:
Olav H. Drønen
Harald Drønen
Tomas Torsvik