19. Stor-Johannes

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 17. januar 1980

Ein dag i åra omkring 1910-15 kom det ei ung jente til Storekalsøy. Ho var frå Førde i Sunnfjord, heitte Olina Gjelsvik, men gjekk berre for Lina. På garden Kalve fekk ho arbeide som tenestejente og så gjekk det med henne slik det ofte gjorde i dei dagar. Ho vart kjent med sonen på garden og vart verande der for resten av livet.

I 1918 gifte ho seg med Rasmus Kalve og i august året etter fekk dei ein gut. Han fekk namnet Johannes. Snaue tre år seinare vart det på ny fødd ein gut på Kalve, han var syskenbarn til Johannes og fekk same namnet. Såleis vart det Johannes Rasmussen Kalve.
Men etterkvart som Johannes vaks til skulle han få eit tilnamn. Stor-Johannes. Ikkje fordi han eigentleg var så sværande høg av vokster, men han var så uvanleg kraftig og tettbygd og hadde slike kjempekrefter. Det gjekk gjetord om Johannes og kreftene hans om det så gjaldt å ro færingen, lyfta stein eller hala på nót under fiske. Få var dei som våga å krangla seg borti han, men så var det også ein liten grunn for det. Johannes var like roleg og fredeleg som han var fysisk sterk.
Då krigen braut ut var Johannes 20 år og dreiv drivgarnsfiske saman med faren og andre i bygda. Han hadde eigentleg ingen planar om å fara vestover, men han hadde eit syskenbarn i Bergen som var svært ivrig på dette. Reidar Rasmussen kom ut ved påsketider og saman med Nils Horgen planla dei så turen. Ikkje ein gong foreldra visste om kva dei tenkte på. Den 26. april 1942 reiste dei så med snekka «Sjø». Og kom vel over.

Johannes Kalve og Nils Horgen kom med i Shetlandsgjengen. Denne avdelinga var for det meste samansett av fiskarar og sjøfolk frå vestkysten av Noreg som dei to fyrste åra krigsåra i stadig aukande grad strøymde vestover. Etterkvart skjøna engelskmennene at dei her hadde ein ressurs som kunne koma til nytte. Dei som kom over var lokalkjende på kysten, dei hadde pålitelege kontaktar heime og ikkje minst hadde dei med seg farty over som kunne nyttast i oppdraga på norskekysten utan å vekkja oppsikt. Og til slutt, men mest avgjerande: Dei som rømde var godt motiverte og dei ville gjera ein innsats.
Den fyrste tida fekk mannskapa sivil status og løn. Seinare vart dei lagt inn under marinen. Løna var 4 pund i veka, og Johannes legg til:
– Det var ikkje verst i dei dagar då pundet stod i 20 kroner og kjøpekrafta var god.
I tillegg fekk dei bonus for kvar tur: 10 pund for ein tur til Vestlandet, 15 pund for tur til Trøndelag medan dei for dei lengste og hardaste turane til Nord-Noreg fekk 20 pund.
Oppdraga kunne berre utførast i vinterhalvåret i ly av mørket, men då hadde dei òg vinterstormane å slita med, noko som mange gongar gav dei like store problem som tyskarane.
Tenesta var heilt frivillig. Dei kunne seia opp på ei vekes varsel og dei kunne trekka seg frå enkeltoppdrag. Alle var klar over at desse var farefulle og det hende dei fekk beskjed om at sjansen for å koma attende berre var fifty-fifty.
Men det var aldri nokon som trakk seg.
Som ein skjønar var moralen svært høg og innsatsviljen stor sjølv om det ikkje var noko militæravdeling i bunn og grunn. I dei oppdraga som vart utførte var det heilt turvande i mange høve å nytta silive klede, men vart dei då tekne visste dei vel kva lagnaden var.
På eit tidspunkt vart det gjort forsøk på å leggja avdelinga under militær kommando. London-regjeringa fekk sendt over ein høgare offiser frå Stockholm. Han hersa og stod i med karane og krov reine kadaverdisiplinen. Såleis kom han over ein gjeng som låg nede i skøyta og sov og kommanderte rett og så bortetter.

Dette gjekk rett og slett ikkje. Desse karane var alle individualistar som kunne jobben sin og om naudsynt ville ofra livet for Noregs frigjering, men å stå i grunnstilling for ein oppblesen offiser med krigsskulepapir, nei, det fann dei seg ikkje i. Enden på det heile vart at offiseren måtte reisa og dei vart lagt inn under engelsk kommando, men med indre sjølvstyre.

Dei tre fyrste sesongane vart det berre nytta skøyter og sjølv om desse vart armerte med mitraljøser gøymt inne i tomme oljefat, kom dei ofte opp i vanskar ved angrep frå krigsfly og fly grunna den dårlege farten dei gjorde.
Sesongen 1942-43 hadde Shetlands-avdelinga store tap. Ettersommaren -42 vart «Sjø» (båten Johannes og Nils nyta) teken av tyskarane under spesialoppdrag på vestlandskysten ein stad. I desember forliste skøyta «Aksel» utanfor kysten på veg attende. Alle kom bort.
Berre to dagar seinare gjekk «Sandøy» ned utanfor Træna etter flyåtak. Alle kom bort – mellom dei Nils Horgen.
I januar -43 gjekk «Feiøy» ned. Ingen veit kva som hende.
I mars vart «Bergholm» skoten i senk utanfor Ørlandet, men mannskapet unnateke ein berga livet med naud og neppe (her var Johannes med).
Berre ei veke seinare vart «Brattholm» senka a ein kanonbåt ved Lyngen i Troms og alle kom bort utan Jan Bålsrud.
Dei hadde no minst åtte båtar og 42 mann, det vil seia ein tredjedel av styrken.
Etter dette var det klårt for leiinga at skøytetrafikken ikkje kunne halda fram.
Løysinga kom frå Amerika. Frå sine allierte fekk dei tre såkalla sub-chasers, det vil seia ubåtjagarar, kvar på 112 fot med to dieselmotorar à 1200 hk kvar, hurtiggåande og velutstyrte.
Båtane fekk namna «Vigra», «Hitra» og «Hessa» og dei to siste sesongane låg dei støtt i sjøen. Det vart i alt utført 109 turar utan tap av ein einaste mann og utan større materielle skadar.

Johannes var med på det meste.
Fyrste turen han hadde etter at han kom over, var i oktober 1942 då dei skulle inn i Trondheimsfjorden og senka «Tirpitz».

Han fekk då 15 pund (etter reglane) – men han fekk og St. Olavs medaljen med eikegrein.
Eit halvt år seinare var han med til Træna då dei på heimvegen vart bomba i senk utanfor Ørlandet og berga seg i land på Mørekysten åtte mann i ein 15 fots livbåt.

For denne turen fekk han 20 pund – men då fekk han òg St. Olavs medaljen med eikegein for andre gong…
Seinare var han med 41 gongar med «Vigra» på norskekysten frå Egersund til Nordland.
Shetlandsgjengen har fått si soge i boka Shetlands-Larsen som kom ut like etter krigen. Boka vart òg filma i 1954 og mellom dei medverkande finn me Johannes Kalve som spelar seg sjølv.

I forordet til boka seier Larsen: Dyktigheten og motet hos de menn som var med, de som var i land der borte og de som hjalp meg i Noreg, gjorde tenesten mulig.
Johannes Kalve var ein av dei!

Johannes var fiskar i 1940. Johannes var ein fåmælt og beskjeden mann. Og for dei som ikkje kjenner fortida hans må det vera umogleg å skjøna at dei mellom seg har ein av dei høgast dekorerte krigsdeltakarane me har. Frå ei rekkje som har arbeidd i lag med han og som kjenner har godt er karakteristikken einstemmig:
Stø, påliteleg, roleg og avbalansert. Aldri oppfarande eller nedfor, alltid på det jamne om det går godt eller dårleg.
At dette er eigenskapar som kom vel med mange gonger under krigen skal me få sjå døme på etterkvart.
Å få alt med som Johannes har opplevd let seg ganske enkelt ikkje gjera i nokre korte avgrensa avisstykke. Men me skal i nokre nummer frametter prøva å få fram noko av det mest minnerike frå åra hans i Shetlandsgjengen.

Kjelder:
Fritjof Sælen: Shetlends-Larsen
David Howart: Nordsjøbussen
Johannes R. Kalve
Lina Kalve
Leif A Larsen
Dessutan arbeidskameratar, naboar og andre som kjenner Johannes Kalve godt.