20. Toktet mot «Tirpitz»

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 24. januar 1980

Ein dag i august 1942 vart Shetlands-Larsen (heretter berre kalla Larsen) innkalt på kontoret til major Mitchell – sjef for basen i Scalloway. Dei hadde fått eit oppdrag frå Admiralitetet i London, eit mykje ærefullt oppdrag, men òg så risikabelt at Mitchell ikkje utan vidare kunne påleggja nokon å utføra det. Dette gjorde han heilt klårt for Larsen etter at dei hadde gått gjennom planen. Etter ein liten pause kom det frå Mitchell:
– Will you do the job?
Larsen såg sjefen sin rett i auga og svaret kom utan å blunka.
– Yes, I will.

I ei grein av Trondheimsfjorden – Åsenfjorden – låg slagskipet «Tirpitz» inne for reparasjon etter at det hadde vorte råka av ein russisk torpedo oppe i Barentshavet. Dette 36 000 tonn store krigsfartyet – som var tyskarane si stoltheit – opererte frå basen i Noreg og hadde svært kort veg ut til rutene for Murmansk-konvoiane. «Tirpitz» var eit konstant trugsmål mot dei allierte konvoiane og bant såleis store flåtestyrkar i nord for å eskortera handelsskipa. Engelskmennene grunna svært på kva dei skulle gjera for å koma kjempa til livs. Bombing vart prøvd, men nyttelaust. Heller ikkje kunne dei koma med krigsskip inn i dei tronge fjordane.
Den planane som Mitchell no la fram var i røynda så fantastiske at bere ein mann som Larsen utan vidare kunne svara ja.
Med ei lita fiskeskøyte skulle dei ta seg inn midt i fiendeland og der seinka eit av dei største krigsskip som den gong fanst.
Dei skulle vera seks britar og fire nordmenn, og Larsen skulle peika ut dei tre andre. Han valde då Palmer Bjørnøy frå Møre som maskinist, Roald Stand frå Lofoten som telegrafist og Johannes Kalve frå Austevoll på dekk. På dette tidspunkt kunne han ikkje seia til desse tre kvar dei skulle og kva dei skulle gjera, men han sa at ekspedisjonen var svært risikabel og at dei måtte rekna med ikkje å venda attende. Ingen trakk seg av den grunn.
Det vart no sett i gong med førebuingar.
Til sjølve sprenginga skulle dei nytta to dvergubåtar, men grunna desse sin avgrensa aksjonsradius måtte dei fraktast over Nordsjøen i båt. Fram til norskekysten skulle dei vera fiskarar og ubåtane skulle kamuflerast på dekk med nøter og anna utstyr. Etter den tid skulle dei festast til kjølen med boltar og wirer og tauast fram til staden. Dei skulle frå då av vera frakteskøyte og føra torvlast.
Ved Agdenes ved innløpet til Trondheimsfjorden var det kontrollstasjon, her måtte britane gøymast vekk med utstyret sitt. Difor vart det laga eit skott mellom maskinrommet og lasterommet der desse skulle vera med dykkarutstyret sitt.
Arbeidet med å forfalska papira var sværande viktig. Fraktbreva måtte syna kvar skuta kom frå, avsendar og mottakar, kontrollstadar dei hadde vore innom med tyske underskrifter. Det vart nytta skriftekspertar frå London og kontaktar i heimlandet gav dei opplysningar dei trong. Papira måtte òg sjå ut slik dei var i fiskefarty den gongen med frynsete kantar og oljeflekkar. Alt som såg engelsk ut vart fjerna, til og med torvsekkane måtte ikkje ha stempel som kunne røpa dei.
Etter hardtening med ubåtane inne i ein fjordarm i Skottland var dei så reiseklare måndag den 26. oktober. David Howarth, den daglege leiaren av basen, var nede til karane og ynskte good luck og som vanleg prøvde dei å gjera avskjeden så kvardagsleg som råd var, men seier Howarth: Jeg måtte likevel ofte ta meg sammen for å skjule hva jeg følte. Denne gangen følte jeg det sterkere enn noen gang før der jeg stod i vinduet og så skøyta «Arthur» gli uti havnen.
Overfarten gjekk fint. Rett nok fekk dei ruskevêr og engelskmennene var overlag sjøsjuke, men Larsen var dødsens trøytt etter alle førebuingane og sov ti timar i strekk. Difor vart det til at Johannes måtte stå til rors. Ved 16-tida dagen etter såg dei fjella ved Bud innafor Hustadvika og neste morgon hadde dei Grip fyr på styrbord og paddemarka sørvest for Smøla på babord side. No nærma det seg slutten for fisket, frå no av skulle det føra torv og ubåtane skulle takast på slep under kjølen.
Men å få ubåtane ned frå dekket skulle by på vanskar viste det seg. Nett som dei hadde fått nøtene av og skulle gå i gong kom eit tysk fly krinsande og stupte. Det var berre å få nøtene over att. Så stod dei der og fingra med reiskapa, ein av dei laga solhylle mot flyet og vinka medan ein annan gjekk på hekken og tvang fram nokre dråpar. Det skulle ikkje vera tvil om at dette var fiskarar. Heile føremiddagen gjekk med før flyet forsvann. Neste morgon kunne engelskmennene gå i gong med å montera krigshovudet til ubåten.
Dei nærma seg no målet alt hadde gått greitt så langt. Rett nok hadde dei vorte sinka av ein fiskar som var temmeleg innpåsliten og ville vita kva dei dreiv med, men dei hadde fått det til at dei var på minesveiping og gjekk i tysk teneste!
Larsen og Johannes skiftes om å stå til rors. Britane heldt seg nede i rommet. Brått vart dei var ein mislyd frå motoren. Etterkvart byrja det å ryka og farten gjekk ned til det halve. Bjørnøy frykta for at det var gale med stempelet. Det var ikkje anna å gjera enn å søkja inn til Hestvik nordaust på Hitra der Larsen hadde fått oppgitt ein kontakt, handelsmannen der.
Det var stempelet som venta, det gjekk ein sprekk over nesten halvparten av toppen. Kantane var borttærte og det var opning rett ned i veivkassa. Bjørnøy og Johannes dreiv på heile natta. Dei måtte til og med vekka smeden i bygda og få hjelp med ein gjengetapp til hola dei hadde bora i stempeltoppen. Denne hadde dei fiksa provisorisk med ei koparplate dei passa til.
Engelskmennene undra seg. Ikkje nok med at dei fann fram til pålitelege folk, men sanneleg trylla dei fram reservedalar midt inne på fiendens område!
I 10-tida på føremiddagen neste dag var dei klare for den mest spanande del av turen: Hovudkontrollen ved innløpet til Trondheimsfjorden.
Vaktbåten låg midtfjords og kryssa, ein armert trålar med kanon på bakken. «Arthur» stemna rett på og dei hadde berre att ein hundre meter då det vesle vinddraget som hadde krusa sjøen, brått la seg. Sjøen låg damstille, dei var inne i dødvannssone. Dette var ein stygg strek i rekninga.
No når dei nærma seg måtte dei slå av på farta, ubåtane ville då hengja ned som to klokkelodd og i den klåre sjøen kunne dei ikkje unngå å få auge på dei.
Larsen står framme ved rekka og har papira klare medan Bjørnøy bakkar opp. Vaktbåten ligg høgare på vatnet enn dei og berre eit blikk ned er nok. «Arthur» har berre ti meter att, propellvatnet har lagt seg. Larsen prøvar å avleia med eit Guten Morgen, men dei tyske vaktene ser berre dovent bortpå han for ei stund, så heng dei igjen over rekka og stirer.
Det er ein forferdeleg augneblink!
Johannes står klar med fortøyningstauet, tampen er opprulla i høgre hand.
Då er det at ein ung gut sikkert berre 16-17 år, som står ved sida av matrosen som skal ta i mot tauet, stirer ned i sjøen med eit forbausa uttrykk i andletet. Han vender seg til matrosen, skal til å seia noko, men ombestemmer seg. Kan dette vera eit synsbedrag, best å ikkje skjemma seg ut.
Då er det at Johannes kastar. Han har sett reaksjonen hjå guten og handlar lynraskt. Tauet skyt gjennom lufta og med eit svupp ringar kveilen seg som ein lasso om halsen på ungguten. Han står der som ein levande fortøyningspåle.
Eit brøl av latter steig opp frå dei andre. Dette er stor humor. I same augneblink sig «Arthur» inn til og skurar mot skutesida. Situasjonen er redda. I 15 minuttar er kommandanten nede hjå Larsen. For dei på dekk og ikkje minst dei som sit inne i skottet, er det som ei eve. Dei ventar berre å høyra skyting og skrik. Men alt grå greitt. Kommandanten stig berre over rekka og vinkar dei av.
Bjørnøy startar motoren , det verste er over, trur dei…