21. Flukta til Sverige

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 31. januar 1980

Det kritiske punktet i turen – kontrollen ved Agdenes – var no unnagjort. Larsen og karane hadde gjort sitt. No var det engelskmennene sin tur. Då mørket fall på fekk dei koma opp på dekk. Trass i den skadde motoren gjorde «Arthur» god fart innover fjorden. Dei gjekk i le av landet, men dei merka no eit drag i lufta som tydde på vêromslag. Då dei runda Stadsbygdlandet og heile den breie fjorden låg framfor dei, kom nordausten som utor ein sekk. På kort tid bles det opp til storm og dei måtte setja med farta til det halve. Motoren kunne fuska når som helst, men aller verst var det om dei som no skulle gjera jobben vart sjuke. Engelskmennene var ikkje særleg sjøsterke.

Rett utanfor Trondheim er det at det skjer. Det går eit kraftig rykk gjennom skuta, så eit til, noko slår mot propellen så motoren held på å stoppa. Larsen slår heilt sakte. Han gjer full gass framover, dreier styrbord, babord. Nei, motoren er i orden. Så er det altså skjedd det dei minst venta.
Ubåtane har slite seg! Det er for vondt til å vera sant. Nokre få kvartmil frå målet og så står dei att med nokre pistolar og ei mitraljøse. Det er lite mot kjempa. Ubåtane som skulle ha skrive krigshistorie låg no på 500 famnars djup og fleire månadars førebuing var bortkasta.
Etter planen skulle «Arthur» søkkast etter at jobben gjort og ved hjelp av heimefrontfolk skulle dei ta seg over til Sverige. Planen måtte no endrast. Båten vart søkkt, men dei kunne ikkje ta seg i land der på avtalt stad. Det gjaldt å koma seg så langt vekk frå landingsstaden som råd var før dagen grydde.
Dei vart samde om å dela seg i to parti. Larsen skulle leia den eine gruppa saman med Johannes og tre engelskmenn. Brewster som var offiser skulle leia den andre der Bjørnøy og Strand var med.
Så delte dei proviant og ammunisjon, kvar mann skulle ha ein pistol. Dei tok ein kort avskil med kvarandre og ynskte lukke til.
Seint om kvelden laurdag den 31. oktober kom Larsen si gruppe fram til ein gard i nærleiken av Ronglan. Dei hadde då gått heile dagen i silande regn og var dugeleg våte og gjennomfrosne.
Det var tanken å lura seg inn på låven og leggja seg til i høyet for natta, men ute på tunet kom ein av karane uforvarande til å trø på ein turrkvist som knakk med eit smell. Bonden vart var dei og Larsen fann det best å gje seg til kjenne.
Dei hadde lite å frykta. Her vart dei tekne imot som dei skulle ha vore livslange vener. Dei fekk koma inn i stova, bonden la i vedomnen og kona varta opp med det beste ho kunne finna.
Larsen og Johannes leidde praten. Heile sanninga kunne dei ikkje seia. Dei fekk det til at dei var søringar som arbeidde i Stjørdal. No hadde dei rømt og skulle fylgja engelskmennene over grensa. Dei var flygarar som hadde styrta på Frosta-landet.
Det vart ei fin stemning utover kvelden og mismotet hjå karane la seg. Men etterkvart seig søvnen på og bonden rigga til liggjeplassar i eit par tomme båsar med rikeleg høy.
Klokka seks sundag morgon drog dei vidare. Som avskilsgåve fekk dei to vaksne sønene kvar sin pistol av Larsen og Johannes. Davis Howarth skriv: På en av gårdene var de to sønnene så hyggelige og hjelpsomme at Larsen og Kalve forærte dem revolverene sine. Ennå hadde de 50 km igjen til den strengt bevoktede grensenså en må vel få lov til å si at det var temmelig tåpelig, men akkurat dette gir også handlinga en slags stolthet.
Denne episoden står ikkje nemnt i boka til Sælen Shetlands-Larsen. Derimot får me seinare høyra at Larsen og Johannes hadde våpen då dei møtte tyskarane nær grensa. Det er ikkje rett. Howarth har den rette versjonen – noko Johannes har stadfest.
Den fjerde dagen nådde dei fram til fjellrekkja som skil Noreg og Sverige.
Straks ovafor dei øvste fjellgardane møtte dei den fyrste snøen. Det skulle bli ein hard tørn. Som så ofte når Shetlands-gjengen var ute i oppdrag var det naturkreftene og ikkje tyskarane som skulle bli den største bøygen.
I søkka låg snøen djup og dei måtte vassa til livet. Oppe på sjølve vidda var det mindre snø, men der slo vinden mot dei og etterkvart var det som frosten margstal dei. Særleg ille var det for engelskmennene, slikt som dette var dei ikkje van med. Dei var så dødsens trøytte, det svartna for augo og gong etter gong seig dei ned i snøen og berre ville sova.
Underlegare fylgje har vel sjeldan kryssa Verdalsfjella: fremst gjekk ferjeskipparen frå Bergen, Leif A. Larsen, så kom dei tre britane, lange ulenkelege Bob Evans med forfrosne føter, muntrasjonsrådet Billy Tebb som ikkje sa eit ord, men som hadde nok med å halda seg på føter og sist matrosen Craig. Man aller sist gjekk fiskaren frå Austevoll, Johannes R. Kalve, fåmælt til vanleg, men no utan å seia eit ord. Det som vart sagt stod Larsen for. Han skjelte britane ut etter noter, hudfletta dei for sveklingar og dugløyser som måtte gje tapt for denne fillevidda. Sjølvsagt var dette psykologisk meint og appellerte til engelskmennene si stoltheit. Johannes var oppsamlar. Kvar gong ein av dei tre andre gjekk i bakken var dei sterke nevane hans og drog dei opp att. Gong etter gong hogg han tak i nakken på den som gjekk over ende og sjangla dei vidare over tilsynelatande endelause vidder.

Om kvelden kom dei ned til dei fyrste gardane på andre sida. Slik som stoda var tyktes det umogleg å nå grenda den dagen sjølv om det berre var 15 km att. Dei måtte koma i hus. Tre stadar prøvde dei, men alle stadar fånyttes. Ein stad sa bonden at han tvert hadde ikkje høy i løa, ein annan stad stod kona og hytte etter dei og skjelte dei ut for det verste som var.

Dei var no komne ned på vegen og gjekk og støtta seg til nokre kjeppar. Det føltes lettare, vegen var fast og god å gå på. Ingen sa noko, men tankane til alle gjekk berre i ei lei: Kvile og søvn. Dei hadde nett runda ein sving då det skjer.

– Holdt, skjer gjennom kveldsmørket og dei stirer beint inn i ansiktet på to væpna politimenn. Den eine er i uniform, den andre i sivil. Den uniformerte er væpna med maskinpistol, den andre ser ut til å revolver. Det er mørkt, difor er dei ikkje sikre, dei berre skimtar desse framfor seg.
– Fortsett, seier han i sivil.
– Hvorhen, spør Larsen.
– Hold kjeft! Kast stokkene og opp med hendene, skrik han i uniform. Han er tydeleg nervøs.
Larsen og ein av engelskmenne går fremst, så kjem Johannes og dei to andre.
– Trekk revolveren, seier Larsen til engelskmennene ved sida av seg og i same augneblink ropar Johannes.
– SKYT!
Politifolka og engelskmennene fyrer samstundes. Så legg dei på sprang til kvar sin kant.
Nokre minuttar seinare trefte Larsen to av engelskmennene att ute på eit jorde. Dei hadde sett Johannes springa oppover langs elva. Den tredje engelskmannen – Bob Evans – vart råka og låg att i vegen. Dei kunne ikkje hjelpa han, då ville dei vortne teken til fange. Var han i live så villa han bli handsama som krigsfange all den tid han var i uniform, trudde dei. (Slik gjekk det diverre ikkje. Tyskarane tok han til fange, dekk han på sjukehus og frisk att. Så vart han avretta. Dette var klart brot på folkeretten.)

Larsen og britane kryssa så grensa i lag. Dagen etter kom Johannes åleine. Gjensynsgleda var stor og gjensidig!

Kjelder:
Frithjof Sælen: Shetlands-Larsen
David Howarth: Nordsjø-bussen
Dessutan opplysningar gjeve av Johannes R. Kalve.