22. Den største julegåva

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 7. februar 1980

Hausten 1942 sette nazistane i gong med massearrestasjonar av jødar her i landet. Dei gjekk fram med tysk grunndighet med god støtte av statspolitiet. Men ved ein eller annan administrativ glipp nådde ikkje ordren om arrest fram til Hordaland politikammer. I dette distriktet – på Hop utanfor Bergen – budde familien Ludvig Bech. Dei hadde teke til seg to jødebarn; 15 år gamle Carla og 5 år gamle Georg. Etterkvart som rykta nådde fram om grusomheter mot jødane vart Bech full av otte for kva som kom til å skje. Han gjekk til NS-politi-kommandør Clason som lova å hjelpe han. Berre dei kunne få ein søknad skulle det alltid ordnast med dispensasjon for dei to barna. To gonger var han på kontoret og fekk kvar gong same beskjeden.

Endå ein søknad vart sendt inn, men Bech gjorde endå meir. Han budde seg på flukt. Då statspolitiet banka på døra heime på Hop tre dagar før jul, var det ingen som svara.
Familien var på flukt!

Der er måndag den 21. desember 1942 – årets mørkaste dag. Vêret er surt, kaldt og ufyse, det driv med sluddbyger. Men rutebåten «Ternen» stampar seg sørover gjennom øyene – som alltid i rute. Røyken frå den høge, svarte skorsteinen, med HSD-emblemet midt på, kastar seg i kverlar bakover. Ein og annan gong slår ein skvettsjø innover fordekket. «Ternen» går gjennom heile Austevoll, og er innom alle dei stadar som no ikkje lenger har båtanløp: Krosshamn, Rostøysund, Fagerbakkevågen, Dalheim, Rabben. Det er ei lang ferd mot endepunktet nede i Bømlo. Folk samlar seg i sidagangane der varmen frå maskinen slår opp. Det er krig og tronge tider, men likevel mange gode anlet å sjå. Byfolk gjer seg til å kom vekk frå restriksjonane i Bergen, no skal dei til slekt og vener ute på strilelandet for å feira jul.

Men nede i lugaren sit Bech, kona og dei to barna. Reisa tykkjes aldri å ta ende. På kvar stoppestad ventar dei å sjå uniformert politi eller tyskarar dukka opp. Dei veit at for jødar er det ingen nåde.
Men om kvelden fløyter «Ternen» for Rubbestadneset der trugne hjelpesmenn ventar og tek seg av dei.

Rømlingane heldt seg i hus heile neste dag. Dei budde på prestegarden der dei fekk den beste omsorg som tenkjast kunne.
Om kvelden då dei sat og åt kom ei av døtrene til presten springande:
– Skøyta er komen!

Utpå Melingsvågen låg «Bergholm» og venta, ein prektig kutter som Shetlands-Larsen hadde teke over etter det mislukka toktet med «Arthur» bere sju-åtte veker tidlegare. No var han attende i Noreg, og med han då, som alltid seinare, var Johannes Kalve. Desse to heldt lag gjennom heile krigen. Det vart sagt – og med rette – at Shetlands-Larsen løyste ikkje tau utan at Johannes var med.

No hadde dei reist frå Shetland sundag den 20. desember etter at det hadde kome melding frå eksportorganisasjonane i Bergen om at desse jødebarna var i livsfare.

Rømlingane braut opp med det same, vegen var lang, dei måtte tvers over øya. Ute på vågen låg «Bergholm» og rykte og sleit i ankerkjettingen, det dreiv med sludd og vindkasta var kraftige inne på den vesle vågen med storhavet rett utanfor.

Nede ved sjøen vart dei stua ned i ein robåt , det vart signalisert ut til skuta, så vart årene stukke ut og båten baksa seg utover.

Snart låg den vesle færingen i høgd med skansekledningen, snart løfte skutesida seg som ein trugande vegg over hovudet på dei.

Men på dekk står det folk klare. Dei kraftige nevane til Johannes tek tak i vesle Georg, deretter vert dei andre hjelpt over rekka. Sjøverken herja stygt med rømlingane, men Larsen forbaud dei å gå på dekk. Gjekk dei over bord i snødrevet ville det vera uråd å berga dei att.
Dei fekk ein hard overfart i uvêr og mørke. Men julaftas morgon klokka halv ti glir «Bergholm» inn til kai i Scalloway.

Dersom ikkje røminga hadde kome i stand, ville den visse lagand for desse jødebarna ha vore gassomnane i Auschwitz. No fekk dei i staden fridomen og livet i julegåve!

Kjelder:
Frithjof Sælen: Shetlands-Larsen
Johannes R. Kalve