23. Då villeveren frå Rostøy ikkje slapp gjennom sensuren

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 7. februar 1980

Krigsåra var tunge å koma gjennom, det var mykje vondt og trist og kvardagen var alvorsam for dei fleste. Men i motgangstider blømer humoren, slik var det også den gong. Me kjenner til korleis jøssingvitsane florerte med den spesielle brodden retta mot okkupantane og deira handlangarar.
Truleg var humoren med og fekk folk til å koma gjennom den grå kvardagen. Livet måtte gå vidare trass alt.
Me skal i dag trekka fram ei sannferdig historie frå den gong som fekk låtten fram mykje på grunn av dei spesielle tilhøva som rådde då.

Under krigen var det til dels smått med mat også på landsbygda og det vart drive med matauk på ymse vis. Såleis kjøpte Lars og Birgitta Røstøen seg ein villever hjå Sakarias Sæterstøl som det var meininga skulle verta mat for svoltne munnar i si tid. Ein haustkveld kom Berit – eldstedottera i huset – ut i flore for å mjølka. I mørket fekk ho då sjå villeveren liggja der med augo som gløste mot henne og med svære horn i panna. Det var ikkje fritt for at ho kulsa og då ho kom inn sa ho at det var nett som hoi skulle ha sett hinmannen sjølv dei i uthuset. Sidan gjekk veren berre for Djevelen, kanskje noko urettvist for villeveren til Sakarias var både staseleg å sjå til og fredsæl av natur…

Søster til Berit – den fem år yngre Anne-Marie – vart tidleg råka av polio og hadde i krigsåra fleire opphald i Sofies Mindes hospital i Oslo. Såleis vart ho ved juletider innlagt og som ei god søster sende Berit henne ei lang julehelsing i eit brev der ho skreiv om laust og fast heime på Rostøysundet. Det gjekk på kvardagslege ting, men til slutt stod det:

… og no er Djevelen slakta og me åt han til jul.
No høvde det seg slik at bestyrarinna ved sjukehuset på oppdrag frå tyskarane sensurerte alle innkomne brev. Siste setninga vekte som rimeleg var mykje oppstuss. Tyskarane kunne tru dette var ein kode som skulle vidare.
Anne-Marie vart kalla inn og måtte gjera reie for dette. Men brevet fekk ikkje konsekvensar.
Kan hende hadde bestyrarinna humoristisk sans…