24. Om hønsehuset på Rostøy og då «Vigra» vitja Drøna

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 14. februar 1980

Under krigen budde det ein mann på Rostøy som heitte Mikal. Etternamnet var Hausberg, men dei fleste kalla han berre for Smed´n i Rostøysundet. For det var smed han var, ein av den gode, gamle sorten som ein no ikkje finn att. Han var vidgjeten for sitt handverk og frå heile bygda kom det folk til smia hans. Mikal var gift med Sofie og dei hadde ein stor barneflokk, til saman ni barn, men då krigen braut ut var fleire av dei vaksne. Minsteguten Magnus var ni år.
Då ordren kom i byrjinga av krigen om å levera inn radioapparata åtte Mikal to slike, det vil seia eigentleg tre, fordi svigersonen Kristian Drønen òg hadde eitt. Det eine var svært gamalt, eit krystallapparat med høyretelefonar av det slaget som barna den gong slåss om tre ned over øyra for å lya på dette løgne. Men det andre var eit heilt moderne Phillips-apparat innkjøpt like før krigen og som gjekk på tørrbatteri som han kunne lada opp att nede i smia. Det vart så til at Kristian leverte inn sitt apparat og fekk det til at det var svigerforeldra sitt og dette apparatet stod på Hippen under heile krigen.
Men Phillips-apparatet til Smed´n skulle verta eit samlingspunkt på Rostøy gjennom alla krigsåra!
Mikal – som var ein nevedyktig mann – sørgja for at radioen vart kamuflert inne i hønsehuset. Der laga han til ei nisje i veggen og snekra til ei luke som vart sett på etter bruk og det var så å seia ugjerleg for andre enn innvigde å finna apparatet.
Oppe i dette hønsehuset vart det lytta på London kvar kveld…

Det er laurdag ettermiddag 26. februar 1944. På kaien i Rostøysundet samlar det seg folk, det nærmar seg dagens høgdepunkt: dei ventar på rutebåten «Ternen». Mellom dei frammøtte er også Olav H. Drønen og Kristian – svigerson til Mikal.
Olav spør då Kristian om han vil gå opp i hønsehuset å lya på radioen då det skal koma særmeldingar frå London. Samstundes ber han òg om han kan skyssa seg og to framandkarar som skal koma med «Ternen». Kristian er meir enn villig til det.
Det er så ofte det kjem framandfolk til land her på Rostøy og folk reagerer ikkje så mykje på det. Slik heller ikkje i kveld då to menn med ryggsekkar går over landgangen frå «Ternen».
Kristian skyssar dei til Drøna.
På same tid som «Ternen» legg til kai i Rostøysundet er eit farty ute i Nordsjøen på veg mot norskekysten. Det er ubåtjagaren «Vigra» som om morgonen har gått frå Shetland. Målet er Drøna i Austevoll og med seg har dei forutan våpen og proviant også to agentar som skal setjast i land der. Men på Drøna er det òg fem karar som ventar på høve til å koma vestover. Dei har tidlegare prøvd å koma over land til Sverige, men kom opp i vanskar og måtte snu. No har dei lege nokre dagar på Drøna og ikkje kome av stad grunna uvêr og det byrjar å hasta for dei.
Medan dei ventar arbeider «Vigra» seg oppunder land. Larsen er som vanleg skipper og Johannes Kalve er med.
Det mørknar og dei har endå ikkje sett kysten dukka fram. Då kjem telegrafisten opp på brua med eit telegram: To armerte trålere er sett i ettermiddag i området dere skal gå inn i. Det er opp til deg om du vil gå inn eller snu.

Dei er godt væpna. Faren er om trålarane skulle liggja i bakhald. Då kunne den fyrste salven avgjera kampen. Dei fekk halda seg i landskuggen og vera på vakt, det var no mørkt og ingen måne. Larsen tek si avgjerd. Dei fem karane må ut av landet. Ordren går til mannskapet på «Vigra»: Action station.
Klokka åtte om kvelden viser ekkoloddet 20 famnar vatn og kort etter dukkar Stolmen opp eit par hundre meter forut. Eksosen vert kopla til lydpotta til hovudmotoren og for redusert fart sig «Vigra» fram nesten lydlaust. Det er om å gjera ikkje å alarmera lyttepostane på øya. Alle lys er sløkt, berre ei lampe i navigasjonsrommet er godt skjerma. For sakte fart svingar «Vigra» nordover gjennom Fugløysundet og dreier austover på nordsida av Stolmen. Dei held seg tett i land for å få trålarane på utsida. Så kryssar dei osen bort til Lundøykalven, vidare lengs sørsida av Lundøy, framleis utan å sjå noko. Men då dei er komne bort til Huftarøysundet og inn att i landskuggen der, er det dei skjøner at telegrammet er rett. Med dei store nattkikkertane ser dei frå brua to farty 3-400 meter ute i Møksterfjorden. Dei er heilt mørklagde, går med 50 meters avstand og er for full fart sørover. Larsen vil no vera viss på at dei ikkje snur lenger sør i fjorden og kjem overraskande på dei medan dei ligg under land. Han snur og som ein mørk skugge fylgjer «Vigra» dei to tyske båtane til utfor Bussesund. Men trålarane stimer vidare i retning Selbjørn.
Dei er ikkje oppdaga!

Heime hjå Anna og Olav Drønen sat dei no og drakk kaffi då dei brått vart var ein uvan lyd, ei summing i lufta som avslørde mange hestekrefter. Olav var ikkje i tvil, han avstad til Galgen og i ni-tidaseig «Vigra» inntil, dei tok straks til å lossa. Medan dei låg der kom det ein motorbåt tøffande framover. Karane på «Vigra» vart då urolege og meinte det var best dei tok vedkommande med seg til Shetland framfor at noko vart kjent. Men Olav sa det var ingen fare. Det var berre ein kar som var på veg til kjærasten sin, han visste kven det var og gjekk god for mannen. ( episoden står omtala i Sælens bok utan namn, men me veit mannen det gjaldt, det var son til Smed´n Gunnar som den gong var trulova med Ruth Sæterstøl.)
Klokka elleve var arbeidet gjort, lasta låg i sjøbua og dei fem karane var trygt om bord. Det var no ein svak måne som lyste opp då «Vigra» kasta loss og for sakte fart seig utover mot Terneskjeret, men trålarane var ikkje å sjå.
Mellom Møkster og Horgo går det ein ordre ned til chifen. 2400 hk sparkar frå.
Kursen vert lagt rett vest…
I Sælens bok står det: Da dagen brøt fram ver det ikkje noe uvanligå merke ved det vesle stedet der ute i øygarden. Kanskje var det litt ekstra på enkelte frokostbord, det var det hele. Ja, var det det heile? For enkelte var det kan hende meir, til dømes vissa om at deira kjære var i live.
Lina Kalve, den gong ei moden kvinne på 50 år, fortel 36 år seinare:
– Olav Drønen kom ein dag ut til oss på Kalve. Han hadde med tobakk og kaffi. Tobakken var me likeglad med, men kaffien tok me imot og grov ned uner ein heller. Men det sværaste av alt var at me fekk vita at Johannes var i live. Forresten så tvilte eg aldri ein augneblink på at Johannes ein dag skulle koma heim att. For du veit det står høgare makter attom!
Truande eller ikkje truande; det er ikkje til å koma utanom at desse orda til Line dukkar fram i tankane når ein les hendingane omkring «Bergholm»-ekspedisjonen. Også der var Johannes med.

Kjelder:
Frithjof Sælen: Shetlands-Larsen
Olav H. Drønen
Kristian Drønen
Lina Kalve