25. Drama i Nordsjøen

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 21. februar 1980

Det var sesongens siste tur. Dei hadde lagt ut frå Shetland onsdag den 17. mars 1943 og skulle heilt til Træna 550 kvartmil borte. Med seg hadde dei tre mann som skulle i land der og fire tonn last, våpen og proviant. Skøyta var «Bergholm», ein kraftig 74 fots Islands-kutter. Skipper var Larsen og med seg hadde han sju mann.
Alt hadde gått så fint. Vêret hadde vist seg frå si beste side. Dei brukte tre og eit halvt døgn på turen nord, no var dei på veg attende og framleis var vêret strålande.
Klokka var to om ettermiddagen då dei såg flyet koma. Dei var då 90 mil frå kysten av Frøya, mykje lenger ute enn nokon fiskeskøyte den gong fekk lov til å gå og på ein kurs som ikkje var til å misstyda. Det var berre å bu seg på kamp!
All kamuflasje vart reven vekk og skytset gjort klar. Dei hadde Colt-mitraljøse både forut og på hekken, Lewisgun på kvar side midtskips og to brenguns som ikkje var montert.
Men flyet snudde etter å ha gjort ein boge rundt dei og sette kursen mot land. Men det kunne ikkje vera tvil om at skytset var sett, no gjekk det melding inn til land og dei måtte nok bu seg på eit hardt åtak.

Og klokka seks kom dei, to tomotors sjøfly, brølande inn frå styrbord side. Men på dei timane som var gått hadde mannskapet fått organisert motstanden. Kvart våpen var betjent av ein mann og to mann skule skaffa fram ammunisjon. Larsen stod i styrhuset. Johannes Kalve tok seg av Colt-mitraljøsa i baugen.

Så var flya over dei. Larsen har ikkje sjanse til å styra unna då han ser bombene koma, seks kraftige eksplosjonar tett på kvarandre, men ingen treff. Det andre flyet – som kjem like etter – siktar betre. Ei av bombene går i sjøen rett bak dei, løftar skuta opp. Lufttrykket er så kraftig at det vil hiva dei til side.
Flya gjer ein ny runde, no har dei ikkje fleire bomber, men nyttar skytset. Kulene frå flymitraljøsene piskar opp vatnet omkring «Bergholm» og braket frå dei 20 med mer granatane flettar lufta.

Gong etter gong kjem flya inn frå styrbord side og peprar skuta og kvar gong tømer mannskapet magasina. Men set er vanskeleg å sikta, skuta ligg uroleg i dønningane.

Odd Hansen – telegrafisten – går ned for å senda eit telegram, men kjem snart opp og ristar på hovudet. Ein granat har slått gjennom dekket og øydelagt antenna.
Nett då får dei den fyrste oppmuntringa. Det eine flyet er skadd, det legg seg hardt over og stryk lågt over havflata innover att mot kysten.
Men no er også mannskapet hardt ute.
William Enoksen – kristiansundar – som har teke seg av den bakre Colt-mitraljøsa, er hardt såra. Han vaklar over dekket, tilsynelatande blinda, blodet renn frå eit gapande sår i panna, hendene er øydelagt av granatsplintar og den eine leggmuskelen er oppriven.
Dekkmann Gunnar Klausen krøkar seg saman, støttar seg til rekkja medan den andre handa held over eit sår i magen.
Andreas Færøy – maskinisten – er sett heilt ut av spel. Han har splintar over heile kroppen, han må under dekk, dei nærmast lempar han ned leideren.
Johannes er òg såra. Men framleis står han der på fordekket, med den eine handa set han nytt magasin i Colten, pressar så mekanismen på plass. Den andre handa heng slapt ned råka av ein granatsplint.
Då flya tordnar framover igjen rettar han inn våpenet med den friske handa medan han pressar olbogen på den andre mot avtrekkaren. Han frå treff, det er tydeleg, men så stoppar mitraljøsa brått. Ein granat har råka mekanismen. Sjølv er han såra på ny, no er det den eine foten. Han står og løftar på denne, veit liksom ikkje kva han skal gjera. Så kjem flyet innover dei endå ein gong, sikker på byttet sitt. Dei som ikkje har våpen hoppar i ly bak styrhuset.
Men på akterdekket står Nils Vika – 20-åringen frå Bremnes, eigentleg utdanna skyttar i flyvåpenet, men no med Shetlands-gjengen.

Han lyftar Colten mot det svarte uhyret og tømer magasinet. Det er denne salva som avgjer kampen. Tjukk svart røyk slår ut frå styrbord motor og flyet skjene bortetter havflata med ein hale av røyk etter seg

Han stør seg til Colten, smilar til dei andre, men smilet stivnar og går over i eit skrik då han ser ned. Det flyt ein blodpøl rundt han, den venstre foten er avskoten rett ovafor ankelen. Han sig ned på dekket. Det einaste dei kan gjera er å finna eit tau og dra fast til for å prøva å stoppa blodtapet.

Larsen som heile tida hadde stått i styrhuset, snurra no rattet og kom ut på dekk.
Kampen hadde vart i nøyaktig 35 minuttar, det kjendest ut som det hadde vore ein heil dag.
Den einaste trøysta var at mørket fall på og dei kunne føla seg trygge til morgonen.
Dei hardast såra låg nede i lugaren forut. Johannes stod ved leideren, balanserte på den friske foten, sa ingenting, såg berre grublande framfor seg.

Motoren gjekk framleis, men brått trengde lyden av rennande vatn seg fram. «Bergholm» var lekk, dei var i ferd med å søkke. Klokka åtte var luftinntaket og motoren stoppa.

Alt vart brått stille. Kamplarmen hadde sleppt tak i dei, men no vart dei var ein annan infernalsk lyd. Det singla i metall på dekket. Dei hundretals tomme patronhylsene skrangla fram og attende kvar gong skuta heiv seg i alden.

Dekket var gjennomhola, ein stor del av riggen var vekkskoten, wirer og tauverk hang og slong. Styrhuset såg ikkje ut, glasskår flaut på dørken, dørene var vekkskotne, taket var knust.
Det var berre ei von no og det var livbåten. Det viste seg at ripa var omtrent vekkskoten og i botnen var det sju granathol. Men dei gjekk straks i gong med å reparera. Dei nytta seglduk som vart dytta inn i hola, smurde stopninga til ed grease, så la dei ei segldukremse utanpå og ytst spikra dei på ei blekkplate som dei hadde skore til av hermetikkboksar.

Dette arbeidet tok fleire timar og fyrst ved midnatt var dei klare til å låra livbåten.
Dei fann fram proviant, drikkevatn, fleire ullteppe, ei tjukk jakke til kvar, tre pelsfora skinnjakkar. Dessutan navigasjonsutstyr, mast, segl og eit ekstra årepar.
Det var eit svare strev å få dei såra ned i livbåten, men klokka to om natta tysdag den 23. Mars var dei klare til forlata «Bergholm». Framleis kunne dei høyra skramlinga av tomhylsene over dekket der skuta låg og rugga i månelyset, ho låg djupt i vatnet no.

Dei var no 90 kvartmil frå norksekysten, 350 kvartmil frå Shetland. Dei var åtte mann i ein 16 fots delvis øydelagt livbåt. Av dei åtte var fem såra, ein døyande. Berre tyskarane visste kvar dei var – og snart ville det gry av dag…