26. Den lange vegen heim

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 28. februar 1980

Klokka fire om morgonen – to timar etter at dei hadde gått i livbåten – bad Nils Vika om aspirin og vatn. Noko smertestillande hadde dei ikkje, men vatn fekk han. Ein tine seinare, då dei skulle sjå til han, var han død. Denne staute bremnesingen som berre for få dagar sidan hadde sprunge rundt mellom lyngrabbane på Træna og spøkt med at lufta var betre å pusta inn her i Noreg enn på Shetland.
Dei la eit teppe over han og førde han med seg vidare. Om mogleg skulle dei gravleggja han i norsk jord.

Det steig ei uverkeleg stemning inn over dei etter dette. Nordlyset blafra ustanseleg over himmelen og rundt dei på alle kantar låg det endelause havet, oljeblankt og stille. Saman med det som nettopp hadde hendt, ga kan hende denne naturstemninga dei ei kjensle av eve og draum.
Ingen sa noko, ingen veit kva dei tenkte.
Då vart dei brått var ein mislyd. Det var Johannes som tok opp att ausinga. Han skrapa i botn med hermetikkboksen og vatnet sutla over rekka.
Så var dei likevel i den verda – i ein liten livbåt langt til havs – sju levande og ein død…

I mellomtida hadde dei teke ei viktig avgjerd. Å ro til Shetland var uråd. Berre ein liten kuling ville fylla båten og då var dei ferdige. Men å ro inn til nærmaste land på kysten ville heller ikkje Larsen. I Trøndelag kjende han ikkje nokon og dei ville sikkert få vanskar. Men i Ålesund-traktene hadde han vener, dessutan ville vel ikkje tyskarane tru at dei frivillig valde å ro 50 mil lenger.
Dei tre friske skiftast om å ro, to om gangen. Av dei såra var Johannes den einaste som kunne gjera noko. Han sat midt på aktertofta, ustanseleg gjekk den friske armen hans opp og ned. Ausinga måtte gå i eitt skulle ikkje båten fyllast med vatn. Det hende han duppa av, då ropte dei til han frå rotofta.

Morgonen kom med strålande vêr, og ved åttetida kom det fyrste flyet. Det vart ein dag i ulideleg spaning. Vart dei oppdaga no ville det ikkje verta kamp ein gong. Heile dagen såg dei fly på leiting, ein gong så nær som få hundre meter. Dei stoppa roinga slik at ikkje solblenken i åreblada skulle røpa dei.
Endeleg kom kvelden – og det velsigna mørket…
Dei rodde heile natta.
Neste dag bles det ein laber bris og dei sette segl. Men då tok båten inn vatn og Johannes hadde si fulle hyre med å ausa. Om kvelden la vinden seg og heile neste natt rodde dei, likeså neste dag, men den fjerde natta såg dei eit lys. Det ver ei fiskeskøyte som måtte vera langt til havs. Dei la inntil og undringa var stor hjå folka om bord. Karane gav seg ut for å vera torpederte sjøfolk og spurde om skipperen kunne setja dei over til Shetland. Men det hadde han ikkje olje til, derimot kunne han ta dei inn til Kristiansund. Larsen sa nei takk, det var til Ålesund-traktene han ville.
Morgonen etter fekk dei land i sikte, men det var langt fram. Liket av Nils Vika hadde dei framleis med, men no såg dei seg nøydd til å seinka det i havet.
Ved åttetida om morgonen kom heile fiskeflåten stimande utover rett i mot dei. Det var ei strek i rekninga. Før kvelden var omme ville det vera kjent i traktene. Men no var det berre å gjera det beste ut av stoda, ro oppom den fyrste skøyta og same versjonen om dei torpederte sjøfolka vert servert.
Skipperen baud til å ta dei med inn til Ålesund og var svært så greisleg, men det var noko som sa Larsen at her måte dei vera på vakt. Det viste seg å vera meir enn rett!

No gjaldt det å koma seg fram til vener så snart som råd og dei rodde på heile dagen fram til klokka to om natta. Då banka Larsen på heime hjå ein mann han kjende ved nemn Nils Søviknes. Stor var undringa då han høyrde kva som hadde hendt, men endå større var otten då han fekk vita kven dei hadde snakka med om morgonen. Dei hadde råka opp i den einaste nazisten i distriktet og no var heilt sikkert tyskarane alarmert og ettersøking igangsett. Hjå han ville det vera farleg å bu så han rådde dei til å ro til ein liten holme ikkje så langt unna – Torholmen. Der budde det ein mann – Lars Torholmen – med kone og to søstre. Larsen fekk med brev, dei rodde vidare og klokka fire om natta var dei framme og vart vel mottekne.

Dei hadde då rodd i over fire døger, 140 kvartmil, i ein liten båt der ingen fekk høve til å strekka seg ut og kvila, fire av dei såra. Eit sitat frå Sælens bok fortel om stoda:

Færøy og William (Enoksen) måtte bæres opp til huset. Gunnar (Klausen) ville prøve å gå, han tok noen skritt, sjanglet fram og tilbake og falt sammen. Så krøp han videre. Kalve ville også greie seg uren hjelp. Han fant rorpinnen til krykke, men det ville ikke gå som det skulle. Høyre foten og venstre armen var helt ubrukelige, men gi seg ville ikkje Kalve. Kunne Gunnar greie det, så skulle saktens han og. Han skiftet krykken fra den ene siden til den andre, men kom ikkje av flekken; mest liknet han en kjempefisk som var slengt opp på land og forsøkte å gå på sporen.

På Torholmen vart dei ei heil veke. Kvar einaste øy vart undersøkt, det var nok best å halda seg i ro inntil vidare. I fire-fem dagar rasa tyskarane rundt i distriktet, dei kunne sjå båtane frå vindauga på Torholmen og støtt var det fly i lufta. Kvart hus og naust på fleire øyer vart finkjemma og fiskebåtane vart ransaka. Berre Torholmen brydde dei seg ikkje med, kvifor er og blir eit mysterium.
Så kom det ut eit rykte i Ålesund – kan hende planta av gode vener – om at ei skøyte var stolen. Dette passa karane godt. Etterkvart trudde tyskarane på ryktet og at dei hadde kome seg klar – og ettersøkinga døydde ut.
Leiinga på Shetland fekk i desse dagar kva som hadde hendt med «Bergholm» og dei bestemte seg for å senda ei MTB. Gjennom radiokontaktar i distriktet fekk dei vite at dei vart henta på Skorpo 20 mil lenger sør.
På vegen dit måtte dei framom Vigra der det var ein viktig radiostasjon og ein tysk garnison på 300 mann. Sverre Roald – som budde på Vigra – tok på seg å hjelpa karane vidare til Skorpo og kom ut til Torholmen med motorbåten sin. Ved Vigra skulle dei om bord i fiskeskøyta «Arctic» som berre ei veke tidlegare var gjennomsøkt av tyskarane og det var difor lite truleg at dette ville gjenta seg. Men då dei var kome om bord der og skule vidare, vart dei liggjande vêrfast på grunn av storm. I fire døger låg dei sju mennene om bord der i «Arctic» berre gode 100 meter frå vaktposten på øya. Ikkje kunne dei koma opp frå rommet. Femte dagen kom deg seg av stad, kom glatt gjennom kontrollen og vidare til Skorpo. Der var det ikkje mogleg å ha dei i sjølve tettgrenda då dette ville vekkja oppsikt, så dei vart innlosjert i eit sommarfjøs der dei heldt til i fire nye døger.
Den 12. april – nær fire veker etter at dei drog frå Shetland – høyrde dei liksom ein flydur i lufta.
Kort etter kom MTBen inn i Skorpesundet…

Beretninga om «Bergholm»-ekspedisjonen er ei soga om dei som aldri ga opp nåe det såg som mørkast ut. Det er ikkje mogleg å få med alle dei nervepirrande detaljane frå turen, på to korte avisartiklar. For interesserte vil eg visa til boka.

Kjelder:
Frithjof Sælen: Shetland-Larsen
David Howarth: Nordsjø-bussen
Johannes R. Kalve.