27. … og nå er det opp til hver en mann å gjøre sin plikt!

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 6. Mars 1980

Det er onsdag føremiddag den 10. april 1940. På hamna i Kristiansand ligg torpedojagaren «Odin», kort tid føreåt borda av tyske offiserar og menige.
På akterdekket står det 74 mann store norske mannskapet oppstilt, mellom dei òg den 25 år gamle radiotelegrafisten Trygve Thorsen frå Storakalsøy i Austevoll. Dei gjer honnør for det norske flagget som vert firt for å gje plass for hakekrossen.
Då er det at den norske skipssjefen kjem med den siste appell til mennene sine. Høgt og tydeleg fell orda:
– Gud bevare Kongen og fedrelandet. Og nå er det opp til hver mann å gjøre sin plikt!

Trygve Thorsen vart fødd på Kalve på Storakalsøy i 1915. Ved årsskiftet 1939/40 vart han tilliks med mange andre kalla inn til militærteneste og møtte i Horten 3. januar 1940. Om bord i depotskipet «Christian Radich» vart mannskapa fordelte etter kategori og sidan Trygve hadde så vel radiotelegrafistutdanning som styrmannspapir, kom han inn i sambandet og vart ordra til telegrafist om bord i torpedojagaren «Odin» som den gong var ein heilt moderne båt nett levert frå verftet i Horten.

Utetter vinteren 1940 var det mange krenkingar av norsk nøytralitet og mannskapet på «Odin» kom bort i fleire av desse. Såleis var dei i Jøssingfjorden i februar og heldt vakt på det tyske handelsskipet «Altmark» som hadde søkt inn dit med engelske fangar om bord, men som så hadde vorte borda av eit engelsk krigsskip. «Odin» eskorterte «Altmark» til Strømstad i Sverige og med seg på turen hadde dei den seinare så kjende Braüer – den tyske sendemannen i Noreg. Dagen før krigsutbrotet vart dei ordra til kysten utanfor Lillesand der eit tysk skip hadde vorte seinka av ein polsk ubåt. Det som møtte dei der var det reine helvete på jord med vrakrestar, brennande olje og oppi dette drivande lik, daude hestar, soldatar som skreik i flammane. Dei plukka opp 50-60 overlevande og førde dei inn til sjukehus i Kristiansand. Det skulle bli den siste innsats for torpedojagaren «Odin».

No var det altså op til kvar mann kva dei skulle gjera og korleis ein skulle finna kortaste vegen til det frie Noreg.
For mange vart det ein lang veg…
Trygve slo seg saman med ein kamerat i frå Ålesund og starta frå Kristiansand med tog og kom til Horten der dei tok ferja over til Moss. Det var om å gjera å unngå hovudstaden og dei fortsette med tog til utanfor Oslo. Vidare nordover gjekk dei, delvis haika dei, til Eidsvoll. Her inntraff ein episode som Trygve aldri gløymer og me let han fortelja med eigne ord:
– Som før fortalt kom jeg på min ferd nordover mot Det frie Noreg innom Eidsvoll. Dagen før hadde tyske fly pepret veggen på den gamle og historiske Eidsvoll-bygningen i sin fanatiske jakt på Kongen og regjeringen. Såleis kom jeg til å ofre litt tid på å beskue den gamle bygningen som hadde så stor historisk betydning for Noreg og som spesielt i krigens første og vanskelige dager var i stand til å gi en viss moralsk og nasjonal opprustning.

En middelaldrene dame kom bort til meg. Følgende replikker utspant seg:
– Er du i marinen? (Jeg gikk i marineuniform fortsatt.)
– Ja.
–Kjenner du N.N.?
– Nei – i marinen brukes nummer i stedet for navn.
En vond anelse rammet meg. Opp av lommen tok hun et fotografi.

– Kjenner du han?
Jag måtte bare nikke bekreftende.
– Det er min sønn, han var om bord i «Eidsvold».
Ord kan ikkje beskrive de følelser en da hadde. For cirka to og en halv måned siden var han en av dem som diskuterte på banjeren (marineuttrykk: oppholdsrom) om vi skulle bli sendt til Nord-Norge eller bli værende sørpå. (Som kjent gikk panserskipet «Eidsvold» ned på Narvik havn natt til 9. april og de fleste omkom).
Frå Eidsvoll forsette karane til fots til Skreia og nattestider (for å unngå tyske patruljar) kryssa dei isen på Mjøsa til Stange. Dei følgde så med ein lastebil til Lillehammer og oppetter Gudbrandsdalen til Sjoa. Der var det ei viss organisering og ved kyrkja fekk dei utlevert våpen. Trygve fekk ein revolver og berbart radioutstyr. Elles var det for det meste Krag-Jørgensen rifler. På Otta overnatta dei.
Neste dag gjekk det rykter om at tyske fallskjermtropar var slept ned på Dombås for å avskjera jernbanen. Ferda gjekk då nedetter dalen i to lastebilar – i alt 56 mann – for om mogleg å lokalisera desse troppane. Undervegs vart dei angripen av tyske maskingevæ-reir, sjåføren i den fyrste bilen vart drepen, det krydde av tyskarar på begge sider av vegen og nordmennene vart raskt teken til fange. Nær Tofte kongsgard på Dovre – i eit kjempestort uthus – forskansa tyskarane seg. I fyrste høgda som var av mur hadde dei skyteskår i alle vindauga, i andre høgda på låven hadde dei fangane.

Tyskarane var i ei vanskeleg stode. Fleire av fallskjermsoldatane var drepne under uthopp, dei som var att mangla tyngre våpen, det var skort på ammunisjon og proviant. I tillegg kom det allierte troppar opp frå Åndalsnes med bombekastarar og frå ei høgde i nærleiken sette dei i gong med skyting. Treffa kom nærare og tyskarane sende ut ein av fangane – ein såkalla parlamentær – for å tinga med fienden. Men tyskarane ville ikkje overgje seg. Til slutt hadde dei allierte sikta seg så godt inn at dei fekk direkte treff. Taket på låven vart flerra av. Fleire vart såra. Kameraten til Trygve fekk såleis ein granatsplint i nyra. Nok ein gong sende tyskarane ut nordmannen for å tinga, men no vart han råka og drepen. Henimot natta overgav tyskarane seg.
Neste dag drog Tryge med tog til Åndalsnes der det var eit stort oppbod av allierte troppar. Han fekk ordre om å dra til Ålesund og melda seg der, men derifrå vart han sendt tilbake, denne gong til Molde for å melda seg til norske militære myndigheiter.
I Molde var det kaos. Byen krydde av ambassadefolk, politikarar og andre som venta på båtskyss ut av landet. Også kongen var ei stund i byen, dette var nok grunnen til at Molde var så ille medfaren.
Trygve budde fyrst på hotell Alexandria, men dette vart heilt øydelagt, seinare vart han forlagt til hotell Nobel, men der var halve rommet hans borte då han kom opp frå frukosten!
Molde var i dei dagar eit brennande inferno. Medan kryssaren «Devenshire» låg ved kai brann det på alle kantar og rundt bustaden til fylkesmann Utheim der Kongen budde ei tid såg det ut som eit nybrot. Det var no meininga at Trygve skulle vera med skøyta «Polhavet» til England for å henta ammunisjon, men båten vart bomba og øydelagt medan den låg på verkstad.
Felttoget for Trygve Thorsen var med dette slutt. Kampane i Sør-Noreg ebba ut. Det som byrja på akterdekket av «Odin» skulle bli ei ferd gjennom heile Sør-Noreg for å gjera si plikt…

Kjelder:
Hauge: Kampane i Noreg 1940 Bind 2
Trygve Thorsen