28. Olav H. Drønen

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 13. mars 1980

Arnfinn Haga frå Os har skrive tre ruvande bøker om motstandsrørsla på Sørvestlandet. I boka Dette er vinteren – som tek føre seg Bergen/Midthordland regionen – dukkar namnet Olav Drønen frå Austevoll opp rett sem det er, som oftast berre i spreidde, korte glimt.
For dei fleste austevollingar av den eldre generasjon vil det vera vel kjend at Drønen/Rostøy området under krigen var eit sentrum for det motstandsarbeidet som vart drive har i Austevoll. Olav Hansen Drønen var ein av dei som gjorde dette arbeidet mogleg. Han var med frå fyrste stund, frå dei fyrste bølgjeskvalp av storkrigen ute i Europa nådde våre strender, gjennom kampar i aprildagane 1940, organisering av englandsfart, illegal verksemd, spionasje, arrestasjon av Gestapo, tortur, røming til England, antisabotasje på slutten av krigen og fram til den ugløymande våren i 1945 då han kunne dukka fram frå gøymsla i Bergen.
Det var over fem års ubroten kamp…
Me skal no prøva å samla desse glimta frå Hagas bok og hengja på dei lokale detaljar som vil interessera Austevoll-lesarane.

Olav Drønen vart fødd på Drøna i 1914 som eldst i ein søskenflokk på seks. Sommaren 1939 var han ferdig utdanna skipper ved sjømannsskulen i Farsund og det var meininga at han skulle reist ut på ein Brøvig-båt. Som så ofte her i livet er det vel tilfellet som rår og i staden for at Olav vert ein av våre mange uteseglarar frå krigstida, kom storkrigen ute i Europa. Han vart kalla inn til eit sjøkrigskurs i Horten, vart deretter ordra til fenrik og var ved krigsutbrotet vernepliktig på tryggingsfartyet «Øygar».

I aprildagane gjorde han aktiv teneste på «Øygar» og var i kampar inne i Osterfjorden. I boka Noregs sjøkrig Bind 3 står det at då kampane var over og fartyet forlate inne i Modalsfjorden, drog mannskapet til Sogn.

Berre ikkje Olav Drønen. Han drog attende til Austevoll, kom seg derfrå til Leirvik på Stord og for dei fleste austevollingar vil det vera heilt ukjend at Olav i maidagane 1940 vart henta over til Shetland.
Men 21. mai var han attende i Noreg.
Endå i dag – 40 år seinare – er turen og tilhøva omkring denne, hemmelegstempla og ligg nedlåst i militære arkiv, men ein skal ikkje ha stor fantasi for å skjøna at det engelskmennene tenkte på var å planta Drønen i området for å driva etterretning. Olav var maritimt utdanna, han var lokalkjend, hadde gode kontaktar og budde sentralt til for å hjelpa folk over.
Dette oppdraget skulle føra Olav og hans slekt opp i mange vanskar…

Olav Drønen var no sivilist. Han fekk seg ein dekkjobb hjå Bartz-Johannessen på Sagvåg og det ga han godt høve til å få kontakt med Ola Olsen og Haldorsen-brørne på Rubbestadneset som stod sentralt i englandsfarten frå Bremnes. Derfrå gjekk linene vidare til Bergen.

I dei fyrste krigsåra var arbeidet konsentrert omkring den såkalla eksportorganisasjonen, det vil seia det gjaldt å leggja tilhøva til rette for å få folk over til Shetland (England), skaffa båtar, utstyra desse og så bortetter.
Samstundes dreiv han spionasje. Såleis klarte han å koma heilt inn på festninga på Osterneset ved å bestikka ein tysk underoffiser og fekk av han viktige detaljteikningar av området.
Sommaren 1942 rulla arrestasjonsbølgja over Bergen og Olav Drønen vart driven med.
Den 27. juni var han på Hordaheimen. Det var noko som sa han at jorda brann under han. Han hadde då på seg viktige papir, mellom anna dei frå Osternes festning. Olav skrudde ned spegelen på veggen, la papira og teikningane bak denne og skrudde fast att.
Seinare same dag vart han arrestert av Gestapo heime hjå Paul Rieber og sett i fengsel. Skuldingane var svære: han skulle ha vore i England, han hadde operert på kysten og hjelpt til med finansiering av båtar nytta til englandsfart. Når det gjaldt det siste sikta tyskarane til den såkalla Guldbrandsen-saka der Olav var skulda for å ha reist til Trondheim for å finansiera båtkjøp til røming. Dette var ei heilt reell sak som Olav òg hadde hatt med å gjera, men heldigvis kunne leggja fram ein billett for reise til Stord nett den dagen han vart skulda for å ha vore i Trondheim. Han vart utsett for tortur, men Gestapo fekk aldri noko på han og i november same året slapp han ut.

Spegelen på Hordaheimen er ei lita soge for seg. Gestapo var på hotellet og rommet var heilt rasert, til og med madrassane var spretta opp. Men spegelen var ikkje rørt.
Olav hadde ein svoger i politiet, han heitte Nils Nygård, og var frå Austevollshella. Han fekk vita om papira og dei vart henta og via kurer kom dei trygt over til Sverige.
Nils Nygård vart i august 1943 sendt til Tyskland og sat i fangeleir der heilt til freden. Grunne var at han ikkje ville melda seg inn i NS.

Kjelder:
Arnfinn Haga: Dette er vinteren
Olav H. Drønen
Gullborg Nygård