29. Røminga med «Njål»

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 20. mars 1980

Då Olav Drønen slapp ut att frå fengselet i Bergen i november 1942 heldt han fram med arbeidet sitt som om ingenting hadde hendt. Ein må gå ut frå som sikkert at tyskarane hadde han under oppsikt, likevel var han to turar over til England for å få nye instruksjonar av oppdragsgjevarane sine, han vart henta med skøyter og kom kvar gong attende til Drøna.
Utetter i 1943/44 vart heimen på drøna tilhaldsstad for agentar og andre som reiste mellom Shetland og Noreg. Det kom inn våpen, ammunisjon, uniformer og anna utstyr som vart frakta vidare til Bergen. Såleis kjøpte Olav seg ein liten kutter oppe i Fjell –»Sjøblomsten» – som han nytta til desse oppdraga. Ein annan gong vart «Mira2» – fiskebåten til onklane Elias og Anton – nytta for å skyssa tre Linge-karar til Sandtorv for derifrå å ta «Ternen» vidare. På nordturen trefte dei vaktbåten vest for Drøna, men vart vinka vidare. Søretter møtte dei igjen vaktbåten, no ver Austerholmen og det vart kontroll. Men også denne gongen gjekk det godt.
Vinteren 1944 var ubåtjagaren «Vigra» heilt inne ved galgen på Drøna med agentar og våpen.
Det var i det heile ei omfattande verksemd som vart driven med base i Drøna og det er på mange måtar eit under at det kunne gå så lenge som det gjorde. At det gjekk så bra i desse åra trur eg trygt ein kan seia hadde si årsak i at folket på desse to øysamfunna var så samkøyrde i si haldning og dei visste å halda tann frå tunge – noko som var heilt avgjerande i dei tider. Og ikkje minst: dei grov ikkje og spurde, noko som lett kunne sett Olav i vanskar.
Med utetter våren 1944 var det klårt at det ville gå gale. No var det berre ei løysing – å koma seg ut av landet.

Det er ein fin forsommardag i 1944. Innpå vågen i Bergen legg skøyta «Aktiv» til kai. Det er Karsten Østervold og Jakob Drønen som driv sandfart med denne båten, med seg på turen frå Askøy og heim har dei Ragnvald R. Drivenes.
Om bord i rutebåten «Ternen» sit Olav Drønen halvt gøymt bak ei avis. Då han ser «Aktiv» legg til kai slår det han med ein gong at turen ut til Drøna nok er tryggare med denne enn om bord i «Ternen» der det no ofte er rassia.

Han vert difor med sørover. Lite vert det sagt og Olav vert sett i land vest på Drøna.
Få dagar seinare høyrer Karsten, Jakob og Ragnvald at Olav Drønen er rømt til England.

Heime på Drøna vart det no alvorlege drøftingar om korleis dei skulle koma seg ut av landet.
Louis Petterson – ein av dei mest ettersøkt agentane Gestapo var etter – hadde kome ut til Austevoll. Det hadde òg Tomas Torsvik – hamnereporter for Bergens Tidende og ein som sat inne med mykje etterretningsmateriell av vital tyding. Han hadde òg med seg truloveden – Eva Jynge. Desse tre hadde tenkt å reisa over Sverige, men så var dei komen til å tanka på Olav Drønen.
Olav og Harald, broren, var borte i Melingsvågen og såg på den 42 fot store gavlabåten «Odd». Nils og Konrad Melingen som åtte båten var berre velvillige – Nils kom mellom anna med ei svær blautkake til karane då det nyss hadde vore bryllaup på garden.
Men det var meldt dårleg vêr og dei tykte båten var for liten. Då var det at dei kom til å tenkja på at sør på Rabben låg det ein kraftig kutter…

Det er den 4. juni 1944 – ein fin laurdagskveld.
Søretter Møksterfjorden kryssar ein motorbåt med fire menn med kurs rett på Rabben. Ved Åsekummane ligg kutteren «Njål» – kraftig og havgåande med ein 50 hk Wickman motor.

Klokka er nær elleve om kvelden, det er forsommar og berre så vidt skymt. Turen sørover går utan dramatikk, mennene bordar båten, alle veit kva dei skal gjera. Olav går i styrhuset, Harald klatrar ned i maskinen for å fyra opp medan Petterson og Torsvik er klar med kniv for å kuta fortøyningane.

Oppe frå grendahuset ovanfor Noven lyder trekkspelmusikk, ungdommen er samla til fest, livet går sin gang, krig eller ikkje.

For dei fire er det ein enten – eller…

Lars Johan Rabben – på veg heim utpå natta – fortel at han høyrde «Njål» starta opp. Og det som slo han var at desse karane hadde hastverk for dei slo fullt omtrent med det same.

Straks fortøyingane var kutta bakka «Njål» ut og det bar nordetter fjorden. Det vart teken opp forfølging, men heldigvis omgjekk dei kvarandre idet «Njål» gjekk til Rostøy for å bunkra og ta opp kvinnene og barna medan dei andre for nordetter til Møkster.

– Det var godt, fortel Louis Petterson. – for vi var temmelig desperate og ville nok skutt om det var blitt nødvendig.

Det skulle bli ein tur dei kom til å hugsa. Dei møtte stormen allereie ved Ystholmen, same stormen som utsette invasjonen i Normandie med eit døger.

På grunn av skit i olja stogga motoren då båten byrja å rulla, filteret vart tett og Harald som kunne med maskinen, måtte skru laus, reinska filteret og suga opp solar. Motoren gjekk så ein halv time og stogga på ny. Det vart drøfta og snu. Men Harald heldt på at han nok skulle klara dette. Gong etter gong stogga maskinen og kvar gong måtte Harald til med same operasjonen i den svære sjøgongen. Olav hadde nok med å styra og vi andre lå mer eller mindre halvdøde i en haug nede i lugaren fullstendig utslått av sjøsyke ute av stand til å gjøre noe som helst, fortel Tomas Torsvik. Jeg vil gi den honnør til Harald Drønen at uten hans utrettelige innsats og optimisme under håpløse forhold og helt alene nede i maskinen, ville vi aldri ha kommet over.

Om kvelden den 5. juni kom dei inn til Kirkwall på Orknøyane. Like før hadde dei høyrt om invasjonen i Normandie.

Det var et vidunderlig øyeblikk som aldri kan glemmes, seier Torsvik. – Først var vi kommet velberget gjennom den forferdelige overfarten, så kom denne gledelige meldinga.

Med på turen var forutan dei fire mennene også to kvinner og to barn: Eva Jynge – trulovaden til Torsvik. Annemor Drønen – kona til Olav og dei to barna deira: Aud tre år og Marta berre to månadar.
Ho skulle verta den yngste englandsfarar i dei fem åra…

Kjelder:
Olav H. Drønen
Harald Drønen
Tomas Torsvik
Louis Petterson
Jakob Drønen
Lars Johan Rabben
Kåre Noven