30. Polar bear 3

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 27. mars 1980

Siste krigsvinteren var det klårt fot alle at tyskarane ville tapa krigen. Men mange ottast kva som ville skje i Noreg. Her stod 300 000 mann – godt utrysta kamptrena – og landet vårt var gjennom åra omgjort til ei rein festning. Røynslene frå Russland, Finnmark og Nord-Frankrike der tyskarane måtte trekka seg attende, var heller ikkje gode. Spørsmålet var: ville dei nytta den brende jords taktikk her òg? Ville landet verta ein rykande ruinhaug før freden kom?
For å hindra dette bygde dei allierte opp antisabotasjegrupper på slutten av krigen. Dei skulle syta for at tyskarane ikkje klarte å sprenga kaiar, bruer, telefonanlegg, elektrisitetsverk og så bortetter.
Polar Bear 3 var ei slik gruppe.

Hausten 1944 vart Olav Drønen saman med 18 andre marineoffiserar sendt til Nord-Frankrike for der med sjølvsyn å studera korleis tyskarane for fram der dei trakk seg attende. Olav var og såg på korleis dei hadde sprengt kaiane i Dieppe, Le Havre og Rouen. Han var nemleg sett ut til å leia den gruppa som skulle sendast til Bergen og der òg fans det kaiar som det var avgjerande at tyskarane ikkje fekk sprengt.

Måndag kveld den 15. januar 1945 vart to menn sett i land frå ubåtjagaren «Hitra» ved Følesvågen sør på Hundvåkøy. Det bles og var ufyseleg kaldt då dei to klatra ned i den vesle motorbåten «Gnom». Kort etter var «Hitra» borte i vintermørket.
Mennene – Olav H. Drønen og Jens Jørgen Jensen – var overlaten til seg sjølv.
Dette var starten på Polar Bear 3.

Planen var no å oppsøka Sverre Østervold på Austevollshella. Olav hadde bedt myndigheitene på Shetland om ikkje å arrangera med nokon mottakingskomité då han hadde så gode kontaktar i distriktet. Men då dei kom fram seint på kvelden var Sverre bortreist.
Det var berre å returnera til landingsstaden og krypa ned i soveposane. Men det bles og snødde og var bitande kaldt. Dårleg fottøy hadde dei og fraus difor på føtene og lite søvn vart det. Neste dag etter at det var mørkt bestemte dei seg for å ta seg over til ei øy i nærleiken der Olav visste om ei løe. Dei grov seg ned i høyet. Varmen seig innover dei og dei sov til over middag neste dag. Då bles det orkanaktig med snøbyger. Austevoll stod i eit råk. Dei var sjølvsagt redde for båten, men kunne ingenting gjera. I mørkninga gjekk dei ned, men fann berre avsletne fortøyingar. Lenger inne på stranda fann dei båten att som pinne ved. Det var berre å koma seg attende til løa der dei låg i tre dagar og venta på betre vêr.
Sundag den 21. februar vart dei samde om å ta seg over eit sund over til ei øy der Olav visste dei hadde båt. Båt måtte dei ha elles kom dei seg ingen veg. Det var berre å kle av seg til beltestaden, vassa uti det iskalde vatnet, rask springmarsj på hi sida og på att med kleda. Der var det også båt som tenkt, men for at ikkje noko skulle merkast rodde dei over til Drøna, i naustet fann dei båten til Anna (mot til Olav), denne tok dei så og rodde attende med den stolne båten.
Då mørket fall på rodde dei så til Austevollshella der dei møtte Sverre Østervold. Han tilbaud seg skyss til Bergen, men kunne fyrst gå om ei veke då han mangla olje. Den tid var det rasjonering og ikkje gjort i ei handvending å skaffa drivstoff.
I mørket seint på kvelden rodde dei ut til Drøna. På vegen vart dei praia av vaktbåten. Det var berre å kasta alt utstyr over bord, heldigvis sokk dette straks og fordi Olav var lokalkjend kom dei seg inn i nokre smale sund og klar av vaktbåten. Men dei vågde seg ikkje vidare og låg ute den natta.
Neste kveld kom dei seg ut til Drøna og tok inn i løa heime hjå Olav. Om morgonen då dei vakna høyrde dei nokon nede i floren og frå sukken der dei låg kunne dei sjå mor til Olav gå og gje kyrne. Dei heldt seg i ro heile dagen for å sjå om det var noko mistenkjeleg på garden, men om kvelden tok dei inn og gjensynsgleda var stor på begge sider.

Anna tok no kontakt med svogeren Elias som lova å gjera kva han kunne. Det viste seg at han og broren Anton på Storebø skulle gå til Bergen om morgonen den 29. januar med «Mira». Om natta tok dei om bord ei snurpenot og på eit vis fekk dei laga til ein binge under denne der det så vidt var plass til dei to karane. Båten hadde fullt mannskap som låg og sov nede i lugaren, desse måtte ikkje veta nokon ting og alt vart ordna om natta. Båten låg ved kai på Storebø og klokka tre om natta rodde Elias ut til Drøna og henta dei.
Då dei i firetida skulle krypa inn i holet under nota kom dei til å riva ned nokre plankar.
Det vart eit fælande rabalder og dei som låg i lugaren vakna. Karane kom seg under nota, men Elias fekk ikkje tid til å dekka til holet før nokre av mannskapet kom opp. Han gav seg i snakk med dei vel og lenge, til slutt gjekk dei ned og Elias vart med. Ein halv time seinare kom han opp:
– De må sanneleg liggja roleg kara! Eg konne ikkje haura at dei feis!
Klokka seks om morgonen starta Kristoffer Nordbø maskinen og «Mira» var på veg til Bergen.
Ved Knarrevik var det som vanleg kontroll og om bord kom 16 tyske soldatar som ville ha skyss til Bergen. Dei gjekk fram og attende over dekket, lente seg mot nota og karane under kunne lett ha teke borti støvlane deira.
Vel framme i Bergen var det igjen problem å få karane usett ut. Mannskapet vart sendt opp i byen, mellom dei Nils – son til Anton, den gong ein tenåring.
– Me vart litt forundra då far ba oss dra opp i byen på kino. Far var av den gamle skulen og slikt var ikkje tillatt i vår heim, men den gong var me van med å lye foreldra våre og noko forvirra drog me opp i byen! – Anton seier han fann ikkje på noko likare i augneblinken, der var om å gjera å få karane usett i land.

For Drønen og Jensen skulle det bli eit vanskeleg oppdrag. Heile tida måtte dei liggja i dekning, det var portforbod mellom klokka 23.00-05.00 og på kaiane var det stor kontroll både av soldatar og Gestapo.

Det synte seg at tyskarane hadde tenkt å nytta byens telefonnett for sprenging. Avfyringssentralen kunne vera kvar som helst, men truleg var det Fløyen der dei hadde oversikt. Det var såleis om å gjera å setja telefonnettet ut av funksjon. Dei fekk no kontakt med ein sentral mann i Bergens Telefonkompani og saman med han planla dei framgangsmåten. Dei mest sentrale koplingsboksane i telefonnettet skulle sprengast. Frå Milorg. fekk dei tilbod om 200 mann som skulle delast i små grupper.

Det vart ei spanande tid. I midten av april var det klart at Gestapo visste om Polar Bear 3 og at landingsstaden for gruppa var i Austevoll. Det vart rassia heime hjå mora til Olav og elles i heile Austevoll påska 1945.

To mystiske damer kom ut til Rostøy. Dei gav seg ut for å vera på veg til England og venta på båt, men dette var temmeleg opplagt ein provokasjon frå Gestapo. Etter eit par dagar var damene borte. I desse dagane fekk kontaktmannen i Austevoll – Sverre Østervold – beskjed om å gå i dekning og dei siste 14 dagane av krigen levde han i utmarka og sov i uteløer. Tyskarane utfalda ein voldsam aktivitet.

Men det gjekk mykje betre enn frykta.
8. mai overgav tyskarane seg og dagen etter troppa to uniformerte, væpna marineoffiserar opp på Bryggen i hovudkvarteret for den ein gong så mektige tyske krigsmarine i Bergen. Dei skulle få den offisielle stadfesting på at dei la ned våpna utan vilkår.
Den eine av dei to marineoffiserane var Olav H. Drønen. Fem års kamp var endeleg krona med siger.