31. Nordsjøbussen

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 10. april 1980

I hundreder av år har folk her på kysten hatt augo vendt mot vest. Ferdsla til øyene ut i havet har tusenår lange tradisjonar heilt attende til vikingtida. I krigsåra fekk denne trafikken ein heilt spesiell betydning. Landet vårt låg i mørke på så mange måtar og tyskarane gjorde kva dei kunne for at me skulle føla oss som fangar innanfor våre eigne grenser. Med festningsverk, fly, vaktbåtar, miner og trussel om dødstraff ville dei setja ein stoppar for denne Nordsjøtrafikken.
Men dette til tross: i alle år heldt ferdsla likevel fram, det gjekk ein straum av båtar begge vegar…
NORDSJØBUSSEN…

Det var engelskmennene som fann på uttrykket to take the North Sea Bus og bussjåførane var mannskapa på Shetlandsbasen Scalloway. Frå denne vesle avdelinga på berre vel 100 mann vart det vrå hausten 1940 og heilt fram til mei 1945 drive fast trafikk på Noreg, fyrst med skøyter, sidan med større farty. Det er ikkje tvil om at denne verksemda batt store tyske fly, marine og troppestyrker i Noreg, men kanskje endå viktigare den psykologiske verknaden dette hadde for det okkuperte folket. Dei visste at det var kontakt med dei allierte og dei kunne koma vestover når kjelen kokte over her heime.
Anders Merkesdal frå Hestvika i Austevoll var ein av dei trufaste slitarane på Nordsjøbussen. Dei siste fire krigsåra gjorde han i alt 59 turar over til Noreg.

Anders Merkesdal vart fødd i Austevoll i 1917. Den 15. mars 1941 rømde han til Shetland frå Lerøy i Sund på «Blia». I England var Anders blant dei ti fyrste som våren/sommaren 1941 var med og grunnla kompani Linge og han var med på Måløy-raidet jula 1941 der han som kompaniet heitte etter, fall. Seinare i januar 1943 var han med på Sagvåg-raidet og var med den MTB-gruppa som kom i heftig kamp med festningsverka på Bjelland og Tittelsnes.
Like oppunder jul 1943 var Anders om bord i ein MTB som hadde gått inn i Busepollen. Båtane – det var to av dei – låg inne i pollen i tre dagar og far og bror til Anders var om bord fleire gonger og fekk tobakk og andre ting som den gong var rasjonert. Og som Anton Merkesdal (broren) seinare skriv i ein rapport: … for ikke å snakke om at mor fikk flere kilo kaffe slik at hun så fremtiden lyst i møte for en lang stund. Tredje dagen etter at båtane var gått inn, kom den tyske vaktbåten som patruljerte Møksterfjorden inn i Busepollen. Den hadde vore inne mange gongar tidlegare, men no såg det ut som om dei hadde ei aning eit eller anna for på brua var dei travelt opptekne med å undersøkja pollen medkikkert. Dei gløymde truleg å navigera for båten gjekk på ei undervassflu og vart ståande. Då dei ikkje kom av ved eiga hjelp, tilkala dei ei fiskeskøyte «Amalia» som låg og lossa på bygningsmaterial i nærleiken. Det vart sett tamp i vaktbåten, men denne slitna.

Om bord i MTB-ane vart det gjort klar til kamp. Men til all lukke kom vaktbåten av ved flo sjø og stakk ut frå pollen klokka 17. Dersom dette ikkje hadde skjedd, ville vaktbåten vorte torpedert klokka 18. Så skulle MTB-ane stoppa ein halv time og ta med seg folk frå Hestavika og Bussesund. Ein måtte nemleg rekna med at tyskarane ville gå hardt fram mot sivilbefolkninga etter ein slik aksjon.
MTB-ane stakk ut klokka 20. Anton Merkesdal fekk ei heil bunke med brev frå mannskapa som var til slekt og vener i heimlandet. Då det var så mange kunne han ikkje godt posta dei heime då dette ville ha vekt oppsikt på ein liten stad. Han måtte difor ta seg ein tur til Bergen der breva vart lagt i forskjellige postkassar.
Sidan fekk tyskarane vita at det hadde vore noko på ferde inne i Busepollen. Det vart mellom anna funne tauverk som berre kunne vera engelsk. Det vart rassia i heimen til Anders, men eit bilete som Anders hadde gitt mor si av seg sjølv i uniform låg under linoleumen – og kaffien var godt gøymt!
Det vert fortalt at under rassiaen byrja den tyske tolken å banna noko forskrekkeleg, men då tende Johanna – mor til Anders – på alle pluggane. Eit slikt språk ville ho ikkje høyra i sin heim så mykje dei visste det. Nå var ikkje tyskarane nett skvetne, men i dette høve fekk Johanna viljen sin …

Kjelder:
Anders Merkesdal
Rapport skriven av Anton Merkesdal