32. Dei kanadiske flygarane

 

Austevoll og krigen
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 10. april 1980

Hausten 1944 var det ein heilt fantastisk redningsaksjon her i Bergen-Midhordland-distriktet. Det har undra meg at denne aksjonen er så vidt lite kjend her i kommunen. For det var nemleg folk herfrå med og sluttspelet fann stad midt i hjarta av Austevoll.
Det var berginga av dei kanadiske flygarane.

26. september 1944 var eit kanadisk Wellington-fly med sju mann på veg attende til Skotland etter tokt i Noreg. Ein halv time frå norskekysten fekk dei motorvanskar og måtte snu. På Haugland sør i Os naudlanda dei og på eit mirakuløst vis overlevde dei alle saman krasjet.
Men det skulle ikkje bli det einaste underet…
For berre to timar seinare var tyskarane på staden, mannsterke, men osingane heldt tett. Ikkje nok med det, men i heile to veker klarte dei å halda dei sju mennene i dekning ymse stadar på Bergenshalvøya medan tyskarane saumfor overalt.
10. oktober vart dei så skyssa ut til Ospøy aust for nordre Huftarøy i Austevoll. Sverre Østervold – som hadde vorte kontaktmann etter Olav Drønen – hadde fått vita om flygarane gjennom sin kontakt i Bergen, Evald Navdal. Avtalen var at dei sju mennene skulle setjast i land aust på Ospøy medan Sverre og hjelpesmennene skulle ta i mot dei på vestsida. Dei skulle ikkje vita om osingane og motsett, dersom dei vart teken til fange ville dei vita minst mogleg. Dette var ABC for illegal verksemd under krigen.
Sverre hadde med seg brørne Sverre og Monry Monsen frå Selbjørn og saman fekk dei flyktingane ned i gavlabåten. Desse undra seg nok over farkosten og tenkte vel helst på ein nedsarva smuglarfarty. Og på ein måte var det rett. Siste åra hadde båten frakta trufast på både spionar og våpen.
Kjøpmannsholmen i nærleiken av Bakholmen like ved skipsleia var det Sverre hadde sett seg ut. På denne forblåste holmen låg det ei falleferdig skykkja. Planen var at flygarane skulle hentast same kveld, men på grunn av uvêr i Nordsjøen vart dei liggjande vêrfast i fire døger. Det vart fire harde døger for dei fire mennene. Skykkja var gissen, det bles og dei fraus støtt. Men Sverre vågde ikkje å flytta dei. Kvar kveld når han kom med mat og vatn, måtte han berre rista på hovudet, engelsk kunne han ikkje.
Men den fjerde kvelden fekk Sverre sjå dei gladaste anlet han til dessar har sett. Det var då han glytte på dør og nikka. I radioen var særmeldinga frå London komen:
Vi går på gummisåler!
Shetlands-Larsen hadde gått inn i Følesvågen med «Vigra» og kjentmann på turen var Harald Drønen.
Sverre Østervold fortel:
– det var ein augneblink eg aldri gløymer då me førde flygarane oppunder «Vigra». Vel om bord komne fekk dei snakka sitt eige morsmål, det var omfavningar og det var ikkje fritt for at det fall ei tåre.
Frå skykkja på Kjøpmannsholmen var neste stopp Shetland…
Men flygarane ville ikkje gløyma Austevoll og hjelpesmannen der. Som eit minne tok kvar av dei med seg ein gråstein frå holmen.

Kjelder:
Arnfinn Haga: Det regner i fjellet.
Sverre Østervold
Harald Drønene