34. Handelsflåten

 

Austevoll og krigen
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 24. april 1980

Den norske handelsflåten hadde enorm verdi for dei allierte. Etterkvart er det vel ingen som vil dra det i tvil. Utan tilførslar av livsviktige krigsvarar til England ville vestmaktene ha tapt krigen. Og store delar av denne tilførsla gjekk på norsk kjøl.
Men tapa var svære. 4 000 sjøfolk kom aldri heim og halvparten av den norske flåten gjekk tapt.
Som rimeleg er har Austevoll alltid vore sterkt knytt til havet, det vera seg så vel fiskeri som sjøfart. Difor var det mange herifrå som sigla ute då krigen braut ut. Seinare var det svært mange av dei som rømde til England som valde handelsflåten. Det skulle bli ei lang og hard krigsteneste. Av dei 60 sjømennene frå Austevoll som sigla på alle hav var det åtte som aldri kom heim.

I dette nummeret skal me kort ta for oss dei einskilde med knappe data og seinare koma med meir detaljert attende til nokre få.

Nordre Huftarøy

Hans Elholm, f 1901, d 1966. Styrmann i konvoifart Nord-Atlanteren. Ute frå 1939-45.
Hans N. Haukanes, f 1917. Matros i konvoifart Nord-Atlanteren og Middelhavet. Ute frå januar 1940 til 1945.
Arthur Haveland, f ? Sigla ute under heile krigen.
Knut Heimark, f. 1916. Skyttar i handelsflåten. Konvoifart. 1941-45.
Nils Kalvanes, f 1917. Styrmann i konvoifart ymse stadar. Ute uner heile krigen.
Arne R. Storebø, f 1923. Skyttar i handelsflåten. 1942-45. Torpedert i Det indiske hav november 1943.
Egil Storebø, f 1923. Kom inn i Marinen og sigla i konvoifart på eksortefarty. 1941-45.
Hans Marius Storebø, f 1915 d 1940. Sigla på ein svensk båt. Gjekk frå Halifax 29. November 1940 for å melda seg til dei norske styrkane i England. Kom aldri fram.
Ingvald K. Storebø, f 1917, d 1943. Ute frå før krigen. Maskinist i konvoifart. M/S «Jamaica» torpedert av tysk ubåt den 7. mars 1943 på veg frå Liverpool til New York. Båten sokk på to minuttar. 17 mann omkom mellom dei Ingvald Storebø.
Endre Søreide, f 1906. Internert i Alger Nord-Afrika juli 1940. Vart fri etter invasjon i Nord-Afrika desember 1942 og sigla sidan i konvoifart.
Alfred Vevatne, f 1913, d ?. Sigla i handelsflåten frå 1941-45 uvisst kva fart. Han er no død. Budde etter krigen på Fitjar.
Tormod Østervold, f 1907. Sigla som skippar på same båt under heile krigen, vesentleg austkysten av England i konvoiar. Etter invasjonen i Normandie juni 1944 utnemnd til commandore.

Søre Huftarøy

Magne Djupevåg, f 1911. Maskinist i konvoifart under heile krigen. Bur no i England.
Monrad Djupevåg, f 1914. Dekksmannskap i konvoifart under heile krigen. Var med i Normandie i juni 1944. Bur no i Spania.
Oskar Djupevåg, f 1909, d 1943. Sigla som maskinist til 1941 då han fekk ein ryggskade under eit krigsforlis. Døydde av ryggskaden på sjukehus i England 22. juli 1943.
Karl Heimark, f 1914. Maskinist i konvoifart i Nord-Atlanteren under heile krigen.
Monrad Otterå, f 1920. Fyrste del av krigen konvoifart i Nord-Atlanteren. Sidan torpedert utanfor kysten av Vest-Afrika (båt ukjend). Plukka op av belgisk båt og sett i land i New Orleans. Frå 1943-45 kystfart på Australia der han bur no.
Oddmund Søreide, f 1919. Utdanna seg til telegrafist borte i England og sigla frå 1942.
Johannes Vinnes, f 1912 d 1950. Sigla som tømmarmann under heile krigen. Rømde frå internering i Dakar i ein livbåt og var seinare ute for to torpederingar. Sidan konvoifart Nord-Atlanteren.
Magne Vinnes, f 1920 d 1948. Matros frå 1940-42. Marineteneste frå 1942. Var med under invasjonen i Nord-Afrika før jul 1942 på jagaren «Axdale» som vart torpedert. Skadd. Fire månadar på sjukehus. Seinare om bord i jagaren «Stord». Var med under jakta på kryssaren «Scharnhorst».
Hans Vågen, f 1918. Matros både i konvoifart og åleine. Torpedert 2. februar 1942 på veg frå New York til New Foundland med sement til flyplassbygging der. Det var dårleg vêr og berre ti mann av 25 vart redda. Etter fem døger i livbåten vart dei teken opp av ein svensk tankbåt. Sigla resten av krigen.

Kolbeinsvik/Heimark
Karl Johan Heimark, f 1914 d 1944. Sigla frå 1939-41. Måtte gå i land i USA på grunn av sjukdom. Då han vart frisk att melde han seg til teneste i den amerikanske hær og fall i Belgia 20. september 1944.
Trygve Merkesdal, f 1919. Matros frå 1939-41. Frå 1942-45 skyttar. 13. januar 1942 om bord på M/T «Nordnes» som vart torpedert av tysk ubåt utanfor austkysten av USA på veg til Hailfax. Sat på ein flåte, vart teken opp etter 15 timar av ein fiskebåt. Seinare fart i både konvoi og åleine ymse stadar mellom anna Stillehavet.
Harald H. Møgster, f 1916. Konvoifart frå 1942. Torpedert 11. april 1943.

Drøna
Konrad Drønen, f 1922. Utdanna til skyttar i handelsflåten. Sigla i konvoifart i 15 månadar til våren 1943.
Lars Drønen, f 1916 d 1964. Styrmann i handelsflåten 1942-45.
Olaf Rassmussen Drønen, f 1911. Styrmann under heile krigen.

Sandtorv
Leif Forland, f 1919. Skyttar i handelsflåten. Kapra i Sør-Atlanteren av tysk hjelpekryssar (såkalla raider). Sat kort tid i japansk fangenskap. Vart transportert til Tyskland, men kom hem til Noreg mot å melda seg for politiet.
Nils Sandtorv, f 1916 d 1946. Sigla i handelsflåten frå 1941-45. Kom vekk februar 1946 ved «Lindøy»-forliset.

Hundvåkøy
Edvard Arnesen, f 1907 d 1969. Var ute som styrmann under heile krigen.
Jørgen Melingen, f 1896 d 1978. Styrmann. Torpedert ved sørkysten av England om bord i «Stalheim» den 31. juli 1940. Kom på sjukehus i London, men reiste ute vidare frå 17. mars 1941 og resten av krigen.
Torkel Skår, f 1907. Sigla på Den fjerne Austen. Vart teken til fange i byrjinga av 1942 då dei lossa i Surabai på Java. Sett i japansk fangenskap der han sat til freden. Leid mykje vondt. Låg eit halvt år på sjukehus etterpå.
Erik Taranger, f 1888. Sigla som kokk under heile krigen.
Ivar Taranger, f 1912 d 1965. Stuert i konvoifart under heile krigen. 1940-44 på Nord-Atlanteren. Frå 1944 mellom England og Frankrike.
Johannes Eriksen Taranger, f 1887 d 1942. Styrmann i konvoifart. Om bord på M/T «Svenør» som den 27. mars 1942 vart torpedert av tysk ubåt på austkysten av USA på reis frå Curacao til Halifax med olje. Omkom under brannen som oppstod om bord.
Lars Taranger, f 1917 d 1943. Matros. Var på D/S «Ara». Omkom 4. januar 1943 under arbeide med livbåtane.
Magne Taranger, f 1916. Kjenner ikkje til fart/yrke etc. Bur no i USA.
Mons A. Troland, f 1906.
Styrmann. Internert i Marokko, men sett fri etter invasjonen i Nord- Afrika og sigla i konvoifart på Nord-Atlanteren 1943-45.

Storakalsøy
Karl Kalve, f 1916. Konvoifart ymse stadar 1941-45. Nord-Atlanteren og Middelhavet. Mykje tankfart. Hadde mellom anna elleve turar på Malta. Turane til denne Middelhavsøya var frykta og kjend som noko av det verste under heile krigen på grunn av dei tyske flyangrepa med Stukas.

Møkster
Johan Fjeldstad, f 1911. Maskinist då krigen braut ut. Var om bord på M/S «Crux» då dei om kvelden den 25. juni 1940 vart torpedert av ein tysk ubåt i Sør-Atlanteren ikkje så langt frå Portugal. Dei hadde vore tilslutta ein Gibraltar-konvoi, men hadde forlate denne for å gå åleine til Rio de Janeiro. Alle mann vart berga.
Seinare kom han inn i flyvåpenet og heldt fram der til krigen var slutt.
Karl Møgster, f 1905 d 1963. Styrmann i konvoifart på Englandskysten og Nord-Atlanteren.

Litlakalsøy
Johannes Johannessen, f 1922. Skyttar i handelsflåten i konvoifart på Nord-Atlanteren og Afrika.
Johannes A. Johansen, f 1921. Sigla i handelsflåten. Kjenner ikkje til kva fart/yrke.
Johannes Karlsen, f 1901 d 1969. Var ute under heile krigen og sigla i konvoifart.
Mons Karlsen, f 1911 d 1974. Skyttar i handelsflåten. Konvoifart.
Johannes Nilsen Litlakalsøy, f 1919 d 1942. Var ute då krigen braut ut. Konvoifart. Var om bord i M/T «Bello» som gjekk i ein stor konvoi frå Glasgow til New York då dei den 16. Desember vart torpedert av ein tysk ubåt. «Bello» sokk på eit par minuttar og berre åtte av 41 vart redda.
Karl Nilsen Litlakalsøy, f 1923 d 1974. Var skyttar og sigla i konvoifart etter at jan kom over til England hausten 1941.
Leif Litlakalsøy (Berentsen), f 1911 d 1979. Rømde til England med «Nordlys» i 1942. Seinare konvoifart.

Stolmen
Otto Ferkingstad, f 1911. Ver ute under heile krigen, mykje av tida på Austen. Utsett for japanske flyåtak ved Ceylon.
Hans Jakob Waage, f 1918. Var ute før krigen og heldt farm til 1944. Bur no i USA.
Rasmus N. Waage, f 1917. Var om bord i ein dansk båt i Ålesund 9. april. Dei fekk ikkje los langs kysten og gjekk over til Kirkwall på Orknøyane. Var sidan med norske båtar på Englandskysten som fyrbøtar. Frå 1942 til krigens slutt konvoifart på Nord-Atlanteren.
Simon K. Waage, f 1912 d 1970. Styrmann i konvoifart under heile krigen.
Gerhard J. Aarland, f 1906 d 1979. Sigla som maskinist under heile krigen. Vart torpedert tre gonger, men veit diverre ikkje med kva skip eller i kva fart.
Samson M. Aarland, f 1891 d 1956. Var ute som tømmarmann under heile krigen. Veit ikkje kva fart/yrke.

Selbjørn
Lars Olai Drivenes, f 1919. Sigla ute under heile krigen mest utanom konvoi. Bur no i USA.
Erling Halstensen, f 1919. Var ute under heile krigen. Sigla som matros og båtsmann.
Ingolf Noven, f 1922 d 1978. Vart internert i Dakar i Vest-Afrika, men rømde derifrå i ein livbåt saman med nokre andre. Vidare fart er ukjend. Død 1978 i USA.
Ivar Noven, f 1914 d 1942. Var ute frå før krigen som matros. Var om bord i M/S «Baghad» då denne vart seinka av ein tysk ubåt den 30. mai 1942 på veg frå New York til Pernambuco med stykkgods. Noven var mellom dei som omkom straks etter torpederinga.
Magnus Stenevik, f 1912 d 1940. Var styrmann på D/S «Samnanger» som gjekk i ein konvoi mellom Oban og Sierra Leone. Den 29. november miste skipet konvoien og sidanhøyrde ingen frå «Samnanger». Etter krigen dukke det opp ein rapport avgitt av ubåtkaptein Kretschmer på U 99 som fortel om skipets lagnad: klokka 13.15 den 2. desember oppdaga dei eit einsleg handelsskip og gjekk nærare. Det var «Samnanger». Ubåten skygga båten heilt til klokka 20.30 då dei vart torpedert. Sidan skaut dei med kanoneld og klokka to om natta sokk båten. I den opprørte sjøen vart ingen av dei 30 om bord berga.
Alfred Sætre, f 1916 d 1943. Skyttar i handelsflåten. Var 30. oktober 1943 om bord på D/S «Hallfried» i konvoi nordetter vest for Portugal lasta med koparmalm. Båten vart seinka av ein tysk ubåt og sokk på svært kort tid. Berre tre mann av 34 berga livet.

Kjelder:
Korkje Nortraship eller Direktoratet for sjøfolk kunne levera lister over sjøfolk frå Austevoll/Fitjar som var ute under krigen. Dei fans, men kunne ikkje utleverast.
Kjeldene er difor ei rekkje personar rundt i kommunen som har vore velviljuge og gitt opplysningar. Likevel kan eg ikkje gå god for at alle er komne med. Eg vil difor vera takksam for oplysningar dersom nokre er utegløymde.
Dei som sigla i marinen på eskortefarty for handelsflåten er teken med. Derimot er ikkje dei som var reine marineoppdrag med i oversynet.