33. Ein månad på flukt

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 17. april 1980

I boka Shetlands-Larsen er det eit eige kapittel Forliset med «Nordsjøen». Dette er ei heller dramatisk hending hausten 1941 der sju mann frå Shetlandsgjengen reiste over til kysten av Nord-Møre for der å leggja ut miner frå ei ombygd fiskeskøyte «Nordsjøen».
Vel ferdig med oppdraget, forliste dei sør for Smøla i uvêr og dreiv i land på øya Tustna nordaust for Kristiansund. Alle sju kom vel attende til basen på Shetland etter ei fantastisk flukt. Men tidleg under røminga kom mennene frå kvarandre og Larsen kom til leia den eine gruppa på fem. Flukta til desse står utførleg skildra i boka medan det berre i ei bisetning heilt til sist står at dei to andre ein månads tid seinare kom vel attende med ei skøyte. I røynda var denne flukta like utruleg. Over 300 kilometer gjennom to fylke, oppskåre av høge fjell og djupe fjordar, til fots, på ski og i robåt.
At me alle veit så lite om kva som hende dei to andre kan vel koma av at Frithjof Sælen skreiv boka om Shetlands-Larsen og ikkje om dei to andre.
Mennene var skipperen Andrew Gjertsen og maskinisten Anders Merkesdal frå Austevoll.

Etter at «Nordsjøen» gjekk ned, rodde karane i livbåten inn til øya Tustna der dei kontakta folk. Det var berre å leggja alle korta på bordet sidan dei gjekk i uniform, men dei fekk koma inn og tørka kleda og få varmen i kroppen.
Men det var tydeleg at folket i huset ikkje likte seg. Medan dei sat der – ankra det er krabbeskøyte opp på vågen. Fem av karane gjekk då ned for å prøva å sikra seg skøyta til vidare flukt. Gjertsen og Merklesdal som var drivande våte, sat att i stova. Brått kom det eit kvinnfolk skrikande at no kom det tyskarar, dei hadde ringt til lensmannen frå nabogarden og no fekk dei berre sjå å koma seg av garde det fortaste dei kunne.
Frå det tidspunktet var mannskapet skilt, og dei to fekk klara seg som best dei kunne.
Dei fyrste fem dagane sleit dei seg fram over fjellet og inn til botnen av Romsdalsfjorden. Dei unngjekk vegane og bad aldri om hjelp anna enn når dei måtte over fjordane. Sjette natta prøvde dei å ta seg over fjella ved Åndalsnes. På vegen over fann dei ei hytte der dei sovna. I nær fem døger låg dei vêrfast. Dei snødde rett og slett inne. I hytta fanst ikkje mat og då var dei så frosne og svoltne at dei var nøydd til å kontakta folk. Dei gjekk same vegen attende til fjorden og til all lukke trefte dei der ein skulelærar på staden som gav dei mat, pengar, ei god varm seng og ei lang rekkje adresser som førde dei frå hus til hus til dei var over halvvegs.
Dagen etter fekk dei ei åtvaring frå ein ven av skulelæraren. Han fortalde at tyskarane heldt på å byggja forsterkingar ved vegen eit stykke framom dei, og at vegen var sperra og dei måtte visa føre seg legitimasjon. Snøen var så djup at det var uråd å ta seg fram utanfor vegen, men venen fortalde at dersom dei kom bilande ville ikkje vaktpostane bry seg – og han gav dei med brev til ein sjåfør i nærleiken. Sjåføren fekk ikkje vita kven dei var, det hadde ikkje hensikt å rota han opp i dette, men han var truleg overtydd om at dei var britiske spionar for han gav dei villig vekk opplysningar om tyske forsvarsanlegg i distriktet.
Då dei kom til grinda, var det mest 20 soldatar og ein flokk offiserar på vegen. Bilen fekk ordre om å stansa. Dei hadde ikkje hatt mykje å stilla opp med. Merkesdal med ein Luger-pistol og Gjertsen med ein dolk. Men straks bilen hadde stogga – opna vaktposten grinda og vinka på dei. Gjertsen sa seinare at det var den skjønneste opplevelse han hadde hatt i sitt liv.

Det neste problemet var to ferjer som tyskarane hadde rekvirert. Alle nordmenn måtte leggja fram legitimasjon. Den fyrste ferja unngjekk dei ved å leiga ein gamal mann til å setja dei over fjorden i robåt. Gamlingen meinte at ferja skulle gå ganske snart og dei kom fortare over med den. Men då dei heldt på sitt trudde han nok han hadde med tyske soldatar å gjera. Midtfjords passerte dei ferja. Ho var full av tyske soldatar og offiserar, dei vinka, ein av dei såg ut til å vera oberst.
På den andre ferjestaden var det ikkje mogleg å få tak i robåt så dei måtte ta ferja som hadde tysk mannskap. Etter å ha sett ferja koma og gå nokre gonger og det ikkje såg ut til å vera inspeksjon, tok dei sjansen. Ingen av tyskarane ofra dei to underlege kledde passasjerane noko merksemd.
Etter endå nokre dagars marsj, til dels på lånte ski, kom dei endeleg fram til Nordfjord. Der kjøpte dei ein robåt for 40 kroner. Den lakk som ei sil og den eine måtte ausa støtt medan den andre rodde, men på 24 timar greidde dei å ro dei 65 kilometrane gjennom skipsleia fram til Bulandet. Ved Batalden i Sogn rodde dei seg rett opp i ein tysk vaktbåt. Det var ein nervepirrande augneblink der flukta lett kunne endt, men dei berga situasjonen ved å ta til med å hala på nokre teinetau som flaut i sjøen like ved. Dermed trudde vel tyskarane at dei var vanlege fiskarar sjølv om dei var så slitne at dei sat i båten og drog på taua.

Anders var no fast bestemt på å ro til Austevoll. Dei var komne heilt til Krakhellesund i Solund då dei møtte føringsbåten «Flyfisk». Eigaren av denne var far til Ingvald Lerøy som Anders kjende frå kompani Linge.
Han lova å undersøkja i Bergen om det var båtar som skulle til Shetland. I mellomtida fekk dei vera hos kjenningar på Bulandet.
Den 20. november stakk M/B «Buestein» ut frå Bulandet med ti flyktningar om bord.
Dei nådde Lerwick på Shetland to dagar seinare etter ein hard overfart.
For Andrew Gjertsen og Anders Merkesdal var dette slutten på over ein månads flukt.

Kjelder:
David Howarth: Nordsjø-bussen
Anders Merkesdal