35. Krigens gru – Udåd i Det indiske hav

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 2. mai 1980

Ein månads ettermiddag i august 1941 gjekk ein ganske ung gut om bord i ein båt nord i Hauglandsvågen for å vera med til England. Ungdomen var Arne Rasmussen Storebø og båten heitte «Nyvon».
Det var byrjinga på noko år med opplevingar dei fleste berre kan drøyma om i sine verste mareritt.
Men «Nyvon» kom ikkje til England. Fem dagar seinare var dei attende på Storebø – skodda og dårleg kompass hindra dei.
Fire veker seinare drog så «Sjølyst» og igjen er Arne med. Men nok ein gong må dei gjera vendereis. Det heile endar nesten med forlis og dei mistar ein mann. Arne er sjølv med og ber den jamnaldrande døde kameraten frå prestegarden og ned til rutebåten som skal føra han til Fitjar.
Men den 23. september lukkast han. Då er «Sjølivet» like oppunder Shetland og det vert teke bilete av mannskapet. Heilt til høgre står ungdomen frå Storebø. Endå manglar han mest tre månadar på 18 år. Han ser eldre ut.
Neste gong me møter Arne igjen er i ein rapport frå det norske visekonsulat i Lerwick til forsvarsminister Ljungberg i London. Rapport om nordmenns ankomst. Der står det mellom anna om nummer 8: Arne R. Storebø, Ønsker å begynne i Hæren.
Det ynskje vart ikkje oppfylt. I Canada vart han utdanna til skyttar frå 1. januar 1942.

Den 19. november 1943 gjekk M/T «Scotia» på 14 900 timar frå Bahrein til Malbourne i Australia med full last dieselolje. Ved middagstider den 27. november melde utkikken om eit farty i horisonten. Det var langt borte og heldt same avstanden til det forsvann om lag klokka 16. Klokka 17.25 sprang ein torpedo i styrbord side ved aktermasta. Sola var då gått ned og sidan dei var i tropane rekna dei med at det ville bli mørkt ganske snart. Mannskapet gjekk i båtane, 21 mann i motorbåten, ni mann i ein livbåt og åtte mann i ein annan. Fyrstemaskinisten og telegrafisten vert igjen om bord, den siste for å senda naudsignal. Kapteinens båt låg lenge langs sida for å venta på dei, dei to andre båtane fjerna seg noko unna. 15 minuttar seinare sprang ein ny torpedo, skipet brakk i to og akterdelen sokk raskt. Dei to om bord hoppa i sjøen og vart tekne opp av kapteinens båt. Ubåten kom no opp berre 100 meter forut og kapteinens båt vart avskoren, dei to andre båtane slapp unna i mørket. Men dei kunne tydeleg høyra maskingeværsalvar.

Dei to livbåtane vart etter 42 timar i sjøen observert av fly og folka vart teken opp av ein armert kvalbåt. Det vart søkt etter kapteinens båt som vart funnen, men om bord var berre skipshunden og matros Torbjørn Kristiansen, for fortalde:
Ubåten hadde utan vidare opna eld med mitraljøse mot livbåten og drepe fire mann i fyrste salve. Fyrstemaskinisten, telegrafisten og han sjølv hadde straks hoppa over bord. Han var ein god symjar, hadde dukka under båten, kome seg på hi sida, hengt seg fast i rekka, og vart ikkje oppdaga. Då ubåten dukka og forsvann symde han attende til livbåten som flaut på tankane og kraup opp. Det var eit forferdeleg syn som møtte han. Rundt om i båten låg seks av skipskameratane hans blodige og gjennomhola av kuler. Dei var alle døde. Han fekk rulla dei over esinga og sette seg til å venta, slik vart han funnen. I nærleiken fann dei òg ei flåte. På den låg liket av maskinisten, hola i flåten talte sitt tydeleg språk. Telegrafisten vart ikkje funnen, men matrosen hadde sett han flyta på ei dør, men truleg vart han såra av den fyrste mitraljøse-salva og var for svak til å halda seg fast.
Rapporten om denne udåden vart gjeven av skyttar Arne R. Storebø og lettmatros Tor Larsen Ringdal den 7. februar 1944 og offentlegheita vart gjort kjend med dette gjennom eit intervju som amerikansk radio hadde med Arne Storebø.
Dei sjømilitære myndigheiter ville i det lengste ikkje tru at slike ugjerningar fann stad, men tilfelle «Scotia» vart nedteikna i Admiralitetets krigsdagbok som ei kjennsgjerning.

Vel ein månad seinare møtte Arne ein mann på gata i New York. Mannen slo han på skuldra i det han sa: Du har vel ikkje namnet Storebø, dialekten er tyder på det. Det var altså du som miste bror din Ingvald med «Jamaica».
Slik kunne ein krigsseglar dei dagar for fyrste gong få vita om at dei hadde mist sine næraste.

Kjelde: Arne R. Storebø