36. Krigens gru – Å mista konvoien

 

Austevoll og krigen
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 2. mai 1980

Å mista konvoien var ofte forbunden med ein ting: torpedering. Eit stykke uti krigen når eskorten vart sterkare opererte ubåtane i utkantane av konvoiane og plukka ut etternølarane. Dei var oftast eit lett bytte.

Årsakene til at ein miste konvoiane kunne vera så mangt, ein vanleg årsak kunne vera dårleg kol slik at ein ikkje heldt farten. Men det kunne òg vera mørke og skodda og dårleg vêr. Då «Kolbjørn» drog frå Kolbeinsvik i august 1941 følte Harald Møgster at han var akretursegla. Han ville gjerne ha vore med, men båten vart stolen og han fekk sjølvsagt ikkje beskjed. Men ein månad seinare kom han etter med «Sjølivet» og på mannskapsbiletet skimtar me han godt gøymt bak alle dei andre med stor svart hatt – ikkje så lett å kjenna.

Om han står det i rapporten frå visekonsulatet under nummer 11 Harald Halvorsen Møgster: Ønsker å begynne i handelsflåten. Og det fekk han…

Den 6. april 1943 gjekk D/S «Ingerfire» i ballast med kurs for Halifax. Men i det stormfulle vêret miste dei kontakten med konvoien. Den 11. April låg dei åleine ikkje så langt unna iskanten. Det var eit område der det krydde av ubåtar. Sjølve konvoien klarte å slå seg igjennom med sterk eskorte, men etternølarane fekk svi. Klokka 20.25 vart «Ingerfire» råka av to torpedoar i babord forskip. Fordekket kom straks under vatn, men maskinen stoppa heldigvis i tide og dei uskadde livbåtane på styrbord side vart låra. Båtane var så vidt klar av taljene, dei måtte hoggast laus, då ein tredje torpedo sprang midtskips i maskinrommet. Kjelane eksploderte. Den eine livbåten kantra og den andre fekk ein flåte over seg og fyltes med vatn. «Ingerfire» reiste bakken rett til vers og sokk så raskt at alle om bord måtte hoppa ut. Flåten vart lempa klar båten og begge livbåtane fortøyd i den. Etter å ha lensa den eine livbåten, vart folk i sjøen fiska opp, det var vanskar med å manøvrera båten då dei fleste i den var meir eller mindre skadd. Til slutt var 28 mann om bord. Den kantra båten vart retta opp og 13 mann overført til den.

Neste morgon i regntjukke og påfriskande vind kom ubåten opp og ville vita namn på båten og last, noko dei fekk av styrmannen. Ein halv time seinare vart dei oppdaga av jagaren «St. Croix» som jakta på ubåten heile føremiddagen og skadde den. Klokka 14.30 kom jagaren attende til livbåten med ein korvett som tok mannskapet opp. Åtte mann omkom.

Etter ei torpedering fekk mannskapa ein månad i land og 500 kroner utbetalt…

Kjelde: Harald Møgster