37. Våre falne

 

Krigen og austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 8. mai 1980

I dag står flaggstangen naken
blant Eidsvolls grønnende trær.
Men nettopp i denne timen
vet vi hva frihet er.

Frå 17. mai 1940 av Nordahl Grieg.

Fem vonde år måtte det gå.
8. mai 1980 – på dagen 35 år sidan flagget kunne gå til topps.
Men fridomen var dyrkjøpt. Om lag 11 000 nordmenn fekk aldri oppleva denne vårdagen i 1945.
Av dei var det 17 frå Austevoll.

Ingolv Dypevåg
F 12/11-1920. Son av Ludvik Dypevåg og Berthilde Morland. Gift 1943 med Marie Haukanes f 1921. Eit barn. Styrmannskule. Drog til Bergen med eit farty i staden for eigaren som var sjuk. Låg på hamna og omkom 20. april 1944 under eksplosjonsulukka.

Oskar Johan Dypevåg
F 10/10-1909. Bror av ovannemnde. Gift 1939 med Johanna Haukanes f 1919. Maskinistskule. Sigla i alliert fart til juli 1941. Fekk då ein ryggskade under eit forlis. Døydde av ryggskaden på sjukehus i Edinburgh 22. juli 1943. Gravlagt i Vinnesvåg.

Karl Johan Heimark
F 27/10-1914. Son av Hans Jakobsen og Karianna Jakobsen. Kystskippereksamen. Drog til sjøs i 1939 og gjekk i land i Amerika i 1941 på grunn av sjukdom. Meldte seg til teneste i hæren då han vart frisk og fall i Belgia 20. september1944. Gravlagt s.st.

Jan Hevrøy
F 6/7.1921. son av Johannes Hevrøy og Anna Kalvenes. Fyrste- og andreklasse kystskippereksamen. Gjekk under krigen i kystfart, var også fiskar. Vart skadd i Bergen under eksplosjonsulukka 20. april 1944 og innlagt på Haukelanf sjukehus der han døydde dagen etter. Gravlagt på Stolmen kyrkjegard.

Nils Georg Horgen
F 4/3-1915. Son av Peder Horgen og Mette Andersdatter. Drog til England med M/B «Sjø» i april 1942 og tenestegjorde seinare som dekksmann i marinen. Var med i oppdrag på norskekysten og omkom i juni 1943 sør for Træna i kamp med tyske fly.

Ivar Larson Kalvenes
F 27/9-1910. Son av Lars Kalvenes og Eli Haukanes. Drog til Canada i 1928. Gjekk på college. I februar 1942 gjekk han inn i det kanadiske flyvåpenet, og vart sersjant og skyttar. Var med i tokt over Tyskland og andre okkuperte område. Under eit tokt styrta flyet ned på øya Taasinge sør på Fyn 23. april 1944 og han omkom. Gravlagt i Aabenraa.

Alf August Litlakalsøy
F 9/4-1918. Son av August Johannessen og Anna Nilsdatter. Drog til England med «Sjølyst» hausten 1941. Gift i 1942 i London med Bertha Johannesdatter, f 1914. To barn. Hadde utdanning som maskinist og kystskipper. Fleire turar til Noreg på skøyter. Gjekk inn i marinen. Omkom 15. februar 1944 då ein mineutleggjar M/L: 210 gjekk ned ved franskekysten.

Johannes Nilsen Litlakalsøy
F 1/12-1919. Son av Nils Karlsen og Anna Hansen. Drog ut til sjøs før krigen og var med M/T «Bello». Omkom då skipet vart torpedert den 16. desember 1942 i Nord-Atlanteren på veg frå Glasgow til New York.

Lars Olai Andersen Møgster
F 30/7-1896. Son av Anders Larsen Møgster og Mette Iversdatter. Gift i 1931 med Else Marie Wahlstrøm f 1908 i Hurum d 1947 i Oslo. Tre barn. Hjalp til med Englands-røming. Vart arrestert 26. juni 1942, sendt til Grini 31. januar 1943 og derfrå 27. februar same år til Saksenhausen der han døydde 22. mars same år. Gravlagd i Tyskland.

Nils Martin Nordeide
F 12/9-1915. Son av Halvard H. Nordeide og Mikkeline Nordeide. Var stuert på fleire skip før han mønstra på M/T «Inger Johanne». Omkom 15. oktober 1944 då skipet vart bomba av fly utanfor Kristiansand.

Ivar Johan Noven
F 17/2-1914. Son av Johannes L. Noven og Ingeborg Iversen. Var matros på M/S «Baghdad» og kom vekk den 30. mai 1042 då skipet vart seinka av ein tysk ubåt 420 mil NO av Trinidad.

Magnus Stenevik
F 13/7-1912. Knut Stenevik og Kristi Østervold. Styrmannskule og radioskule. Var tredjestyrmann på D/S «Samnanger» då skipet vart torpedert av ein tysk ubåt den 2. desember 1940 på veg mellom Oban og Sierra Leone. Alle kom vekk.

Hans Marius Storebø
F 15/4-1915. Son av Han Martin Storebø og Inger Maria Jakobsen. Var på ein svensk båt M/S «Stureholm» som gjekk frå Halifax den 29. November 1940 på veg til England der han ville melda seg for dei norske styrkane. Skipet vart sist sett 11. Desember.

Ingvald Karl Storebø
F 22/8-1917. Son av Rasmus N. Storebø og Karianna Vik. Gift 1943 i Bromborough, England med Beryl Weaver, f 1920. Eit barn. Var maskinist på fleire skip sist på M/S «Jamaica». Omkom den 7. mars 1943 då skipet vart torpedert i Atlanterhavet av ein tysk ubåt på reis frå Liverpool til New York. Krigsmedaljen.

Alfred Sætre
F 14/5 1916. Son av Engel Sætre og Hansina Vaage. Skyttar på D/S «Hallfried». Omkom då skipet vart torpedert utanfor vestkysten av Skottland på veg frå Spania.

Johannes Eriksen Taranger
F 14/4-1887. Son av Erik Eriksen Taranger og Marthe Vincentsdatter. Gift i 1911 med Elisabeth Botilde Taranger f 1887. Tre barn. Kystskipperskule. Var tredjestyrmann på M/S «Svenør» og omkom då skipet vart torpedert 27. Mars 1942 utanfor austkysten av USA på veg frå Curacao til Halifax.

Lars Taranger
F 17/2-1917. Son av Erik Halvorsen Taranger og Cecilia Jakobsen. Var matros på D/S «Ara» og omkom den 4. januar 1943 ved kysten av England under arbeide med livbåtane.

Kjelde: Våre Falne, band I-IV