38. Med radiosendar på Loddo

 

Krigen og Austevoll
Av Finn Dyngvold
Marsteinen 17. april 1980

På Storebø budde det før krigen ein mann som heitte Henrik Skåtun. Han hadde seks søner, ein av dei heitte Øyvind. To gonger prøvde Øyvind å koma seg til England med båt. Fyrste gongen med «Sjølyst» då dei heldt på å forlisa og miste ein mann. Seinare reiste han med «Nyvon», men då måtte dei snu på grunn av skodda.

Men seint i 1944 kom han seg over til Sverige og vidare til England. Der vart han ved nyårsskiftet sett på skulebenken for å læra telegrafi, frå før hadde han kystskippereksamen klasse 2. Tanken var at han og ein kamerat – Per Jorem – skulle setjast i land i nærleiken av Bergen for der å halda oppsyn med skipstrafikken langs kysten, både tysk og norsk, sivil som militær. Det var opp til dei sjølve å velja plass og sidan Øyvind var lokalkjend på Huftarøy meinte han Loddo måtte vera ein framifrå stad. Ingen hadde merknadar til det.

Ei stille fin natt – den 8. mars 1945 – glei ubåtjagaren «Hessa» inn på ein våg ved Rogøyane i Bremnes. Om bord var Per Jorem og Øyvind Skåtun. Reiseruta hadde vore diskutert med Shetlands-Larsen og han hadde rådd til å lende lenger sør sidan det nyss hadde vore ein del skyting i Austevoll-distriktet. Av den grunn var det mykje tysk aktivitet i området. Utstyret deira vart lossa, i alt hadde dei med seg 50 kassar alle moglege ting. Dei skulle ha nok for seks månadar utan å kontakta lokalbefolkninga.

Med livbåten «Hysjen» frå ubåtjagaren bar det så rett nordetter til Storebø der dei heime i huset trefte brørne Åge og Inge som var på fiske i distriktet. Åge vart sett inn i stoda og han gjekk til Einar Østervold og fekk låna gavlabåten «Gesselineren»; livbåten derimot vart sett opp i naustet. Dette skjedde midt på natta og i fire-fem tida om morgonen drog dei så attende til Bremnes der dei henta resten av utstyret. Kursen vart så sett rett mot Heimarkpollen der dei landa inst ved ein stad som kallast Åna.

Like under toppen av Loddo fann dei ein framifrå leirplass. På ein flate stor nok til teltet, i botnen av i kløft der eit par furuer låg rotvelta over. Med litt greiner og litt kamuflasjenett i tillegg måtte ein nesten snubla borti for å oppdaga staden. Og utsikten var fantastisk både mot Bjørnefjorden og vestover…
Det vart så sett i gong med sending, alt i kode. Men etter kort tid oppdaga dei mange vaktbåtar og marinefarty i farvatnet. Dei gjekk så på austsida og der fann dei årsaka. I sandvikvåg låg det ein lekterheilt kamuflert av furutre og liknande, berre antenna stakk opp over skogen.
Tyskarane var i ferd med å peila dei inn!
Dei rekna no med rassia. Øyvind gjekk difor til Storebø, varsla brørne og Einar Østervold om at alle spor måtte slettast, framfor alt måtte dei søkka livbåten, den hadde eit altfor militært preg.
Sidan fekk dei vita at tyskarane hadde lege klare rundt Storebø med fem-seks vaktbåtar, mellom anna hadde ein lege på baksida av Notaneset medan dei hadde rodd forbi på framsida.

Skjærtorsdag 1945 er ein dag som mange Storebø-folk seint vil gløyma. 600 Wehrmacht-soldatar rasa rundt over heile nordre Huftarøy. I mange hus vart dei vekt i otta av tyske kommandorop og soldatar med maskinpistolar. Fiskarar måtte endevenda nøtene, på mark og åker vart jorda vendt og grave i der det kunne vera mistanke og tyskarane saumfor søppelhaugane for å sjå om det låg engelske hermetikkboksar.
Alt medan dette hende låg dei to karane like søranfor og visste ikkje om noko. For hadde dei det gjort er det vel lite truleg at om natta hadde lista seg inn i huset heime der brørne Åge og Inge sat vakne.
Desse trudde dei såg to gjenferd, dei vart heilt forferda og meinte det måtte ha rabla for dei to karane som vågde seg inn midt i løvens hule. I ein fart fekk dei forklart stoda og dei to forsvann det fortaste dei vant ut av huset og ned i ei hole Øyvind kjende frå gutedagane. Der vart dei liggjande anføtes omtrent utan å røra seg i ei veke.

Det vart ei veke i angst og berre angst. Øyvind Skåtun seier i dag at når hendingar kjem på avstand har ein lett for å gløyme angsten og berre spaninga og eventyret er tilbake. Men den veka i jordhola gløymer han ikkje. Me let han sjølv fortelja:

– Vi fikk ører som elefanter og når vi ripet av en fyrstikk for å ta oss en røyk, var det som kanonslag. Av og til om natten kom Åge og Inge med mat til oss, men ofte våget de seg ikkje ut for fortsatt var det en del tyskere som strente rundt selv om hovedstyrken var reist.
Vi lå og lurte på om vi skulle ta giftpillene om vi ble tatt, eller om vi skulle ta sjansen på at krigen snart skulle ta slutt og at vi dermed hadde en mulighet for å overleve. Vi diskuterte det alvorlig. Så hørtes hundeglam og da forstod jeg uttrykket om å få hjertet opp i halsen. Angsten for at tyskerne tok hunder i bruk for å lete opp agenter fikk hjertet til å banke fortere og sterkere og samtidig tyknet drøvelen til og en fikk følelsen av at det var hjertet som stod der og holdt på å kvele deg.

Ei mørk natt med tjukk skodde lista karane seg ut, stal robåten til Sjur Skår, rodde over Bjørnefjorden, ned Lukksund og langs sydaustsida av Tysnes. Der visste dei om ein mann dei kunne lita på. Det var den tidlegare ordføraren i bygda – lærar Flornes – som var komen attende frå Kirkenes og interneringa der. Han og familien tol vel imot dei og dei greidde til og med å oppretta eit nytt senter på Tysnes der dei hadde oversyn over Langenuen.
Seinare måtte dei attende til Storebø og henta forsyningar frå lageret. Øyving kontakta då Harald Birkeland som han kjende og hadde tillit til. Dei fekk låna farens gavlabåt, reiste inn att i Heimarkpollen, tok med seg våpen og proviant og kom seg vel attende til Tysnes.
Men til all lukke – ei veke seinare var krigen slutt.

Kjelde:
Øyvind Skåtun