39. Krigen

 

Marsteinen 13. mars 1980

Dersom de ikkje vil elske oss skal de i alle fall lære å frykte oss. Sitat frå Terboven – øvste leiar for nazistane i Noreg under krigen. Og frykt skapte dei nok med avrettingane, deportasjonar, Gestapo, Tælavåg og så bortetter.
Men dei vart aldri elska.

Lesarane hugsar gjerne biletet frå ei kyrkje på Vestlandet der nazipresten står og preiker for ein einaste tilhøyrar. Frå Austevoll har me eit liknande bilete som seier det same på ein noko anna måte:

Våren 1942 gjekk det rykte om at presten – Torsteinsson – skulle avsetjast og det skulle koma naziprest. Det vart for mykje for folket her ute i øyane og den 15. april det året var det på ei og same gong seks brudepar som vart vigde i Austevoll kyrkje – noko som ikkje har hendt korkje før eller sidan.

Frå venstre: Oskar Gjertsen Storebø og Klara fødd Rongnø. Andreas Njåstad og Laila fødd Drønen. Bjarne J. Sandtorv og Herborg fødd Sandtorv. Endre Drønen og Ragnhild fødd Hausberg. Hjalmar Sandtorv og Agnes fødd Årethun. Tomas Berge og Margit fødd Ystebø var ikkje på biletet.

Ein liten episode fortener omtale. Bryllaupet kom brått på i dette høvet og natta før (vigsla var truleg på ein onsdag) sat Hanna Jacobsen og Randi Sørhaug oppe heile natta for å få ferdig brudekjolen til Klara Rongnø. Svigermor hennar – Martha Gjertsen – kom då fram med ein pose kaffi til konene. Det var det likaste ho kunne gje – og det heldt dei vel vakne!

Kjelde:
Kyrkjeboka for Austevoll