40. Krigsseglardagbok del 1

 

Av Finn Dyngvold
Marsteinen 7. august 1980

Fredag den 1. september 1939 – same dag som storkrigen i Europa braut ut – vart det fødd ei jente i Vinnesvåg. Ho vekk namnet Else. Faren – sjømannen Johannes Vinnes – var om bord på M/S «Salta» ein stad i nærleiken av Kanariøyane. I januar 1940 kom han heim, skulle så stå den siste turen for i mai å koma heim for godt. Men så kom krigen til Noreg. Fangenskap i Dakar, Vest-Afrika – flukt – seinare to torpederingar og sidan konvoifart over heile verda. I dagboka hans står det 1. Påskedag den 25. april 1943: Lille Else vor gammel er du nu? 3 år og 7 måneder-
I 1946 kom han heim. Då skulle Else ta til på skulen…

Desse linene er skrive ned i mars 1943 i slow convoi ein stad mellom Boston og Halifax om bord i eit skip lasta med jernblokker og granatsprengstoff. Kan hende gjorde han seg sine tankar då han gjekk i land i Philadephia, kjøpte ei dagbok og sette seg ned i lugaren sin og skreiv ned det han til då hadde opplevd. For det var ikkje så lite.
Tømmermannen Johannes Vinnes hadde då sigla ute frå 1932. Han hadde vore fange i Dakar i elleve månadar, rømt derfrå i ein livbåt, kome levande frå to torpederingar og gjekk no cross-turar USA-England med ammunisjon.
Klart han gjorde seg sine tankar…
Ein kan lesa Per Hanssons bok Hver tiende mann måtte dø eller Jon R. Heglands tørre og nøkterne bøker Nortraships flåte bind I og II. Men ingen stad kjem ein så nær kva det var å vera krigsseglar som ved å bla og lesa i desse 175 sidene med tankar, kjensler, heimlengt, angst og frykt.

Johannes Vinnes vart fødd i Vinnesvåg i dåverande Fitjar kommune i 1912. Som 20-åring drog han til sjøs og hadde segla i åtte år då krigen kom. Tanken var at han no skulle gå i land.
9. april 1940 låg dei i Buenos Aires og skulle heim til Noreg. Då meldinga om at det tyske åtaket nådde dei, drog tolv av mannskapet opp på det norske konsulatet i byen og melde seg som frivillige – blant dei var Johannes Vinnes.
Så drog dei avstad den lange vegen til Nord-Noreg for å ta del i kampane der, men midt i Atlanteren fekk dei maskinskade og måtte tauast inn til Freetown i Vest-Afrika. Derfrå vart dei førd til Dakar. Denne byen var teken av dei franske nazistane og M/S «Salta» med mannskap vart internert. Det var ei fæl tid. Dei frie franske styrkane og engelskmennene prøvde ved eit høve å befri Dakar. Det vart berre eit blodbad som òg gjekk ut over dei sivile handelsskipa som låg der. Johannes vart angripen av malaria som herja som ei farsott i området og to gonger vart han førd på sjukehus.
Men så kom natta til den 18. mai 1941. Det var stupmørkt då dei sju mennene rodde utover hamna i ein liten jigg mindre enn ein færing. Mast og segl var rigga ned for å gjera dei så usynleg som råd var. Seglet vågde dei ikkje å ha oppe på grunn av lyskastarane som sveipa i horisonten. Frå 19.30 om kvelden til middag neste dag rodde dei i eitt for å nå så langt til havs som mogleg. Og det gjekk godt. Den 20. mai om føremiddagen vart dei teken opp av ein engelsk destroyer.

Johannes fekk så hyra på oljetankaren «Sildra» av Bergen. Dei fekk levera ei oljelast i Freetown, så var ikkje «Sildra» meir. Den 19. august 1941 vart dei torpederte av ein italiensk ubåt 200 mil SW av byen. «Sildra» fekk tre torpedoar og vart sidan seinka med kanoneld. Men alle mann vart berga.
Turen til lands, møtet med dei innfødde, reisa gjennom jungelen og oppetter elva attende til Freetown, er skildra detaljert. Han bruker ikkje sterke ord – ein får meir inntrykk av ein hyggeleg jungelsafari.
Det var derimot ikkje turen attende il England om bord i eit polsk troppetransportskip. Reisa tok 18 dagar og han låg i lag med 160 andre nede i lasterommet i 35 gradars varme. Malariasjukdommen melde seg att og då dei kom til Skottland måtte han førast på sjukehus.
Men i januar 1942 – etter fire vekers sjukeperm – er han om bord att, no i motortankaren «Sydhav». Men berre etter få dagar vert han ført i land på båre med høg feber og lungebetennelse og innlagt i sjukehus. Det redda kan hende livet hans. For berre få veker seinare går «Sydhav» ned og tolv mann miste livet.
Johannes sigla så i åtte månadar om bord i ein oljetankar «Velma» i tropane, mønstra av og fekk hyre på ein kystbåt D/S «Fidelio».
Men kystfart kunne vera farleg nok. Denne gongen var det ikkje så udramtisk som utanfor Freetown. Me let dagboka tala for seg:
Den 16. November gikk vi utover Themsen med d/s «Fidelio» i konvoy en fin kveld med måneskin og stille ver -. Jeg spiste til aftens, vasket mig og gikk til køis. I almindelighet så pleiet jeg sitte oppe om kvelden og mase ute i messen, men den kvelden gjorde jeg merkelig nok ikke det og det kan jeg vere glad for – for messa den forsvant og alle som var der inne måtte late livet til. Jeg låg og såv i kameraten min sin seng den kvelden til att begynne med – vi bodde to i sammen i den lille lugar – han hadde vakt til 8 og purret meg ut når han kom så jeg måtte move op i åverkøien – og det var også en lykke for mig – for kameraten min som låg i underkøien – han ble også drept den natten.
Jeg såv trykt like til torpedoen traff rett i poppen og inn i ammunisjonslageret – det meste av vad som foregikk rundt mig er fremdeles som en tåke for mig. Omtrent hele poppen blev revet av med det samme og vi som var i live låg når jeg våknet i en ruinhaug av jernbiter, panelingsbord – der var så mørkt att jeg kunde ikke se noe videre der inne vi var.
Til at begynne med så såg det ut for vi var innestengt, men så sjøt dem op lysgranater i konvoien og av den grun såg jeg en liten lysning i siden – Jeg gjorde opmerksom på det og en av guttene prøvet og kom ut omtrent med det samme. Så forsøkte jeg men hullet var svært lite – og med kvasse kanter av revet jern så jeg måtte gi op første gang. En av de andre prøvde også, han kom ut, og jeg fik da liksom et håp att jeg også kunne klare det. Jeg kjendte ikke da att jeg hadde skadet begge skulderne og venstre foten. Det var nok det som jorde att jeg var så svak til att arbeide mig ut .Jeg husker jeg tok et fortvilet tak denne gang med bena foran og kom igjennom og ut. Sjøen var da begynt at komme nokså meget opåver i dette rommet vi befant os i – jeg blir aldrig riktig klar åver vordan det egentlig såg ut der inne. Men efter som jeg forstår så kom vi ut i 4 rommet og på på dekk den veien. Der hang en vaier og ett tau rett åver hullet, tauet var løst, men vaieren var fast, den var som den skulde vert brakt der for anledninga til att klarte opåver til dekket med.
11 mann var vi i alt akterut og 4 blev reddet – kokken han var fremdeles igjen der inne. Han ropte ustanselig på jelp. Jeg kan ikke gå for jeg har brukket bena. Jeg huskar han holt igjen i singletten min når jeg gikk ut av hullet. Jeg prøvet at jelpe han men måtte gi opp.men han blev berget likevel. Når båten sokk bliv han antagelig presset ut av hullet og ut i rommet kan jeg tenke mig. Båsen kalte også på hjelp. Han var fast med bena, men jeg såg han ikke og stemmen var liksom lenger borte. Det var dessverre umulig att jelpe for båten sokk jo fort nedåver – og alt dette jeg har skrevet foregikk på en megett kort tid. Jeg vil ikke skrive mer om denne triste hendelse, og det et lite jelp i for igjen kan skrive ned ord for en sånn opplevelse, den må å oppleves før den kan forstås.

Etter dette marerittet gjorde Johannes forsøk på å koma i land etter at han vart utskriven frå sjukehuset. Han melde seg for Spesialen som tømmermann, men vart avvist.
Og berre få månadar seinare var han om bord i ei flytande kruttønne.
– Lille Else, vor gammel er du nu?
Endå sulle det få over to år før krigen var slutt.
Klart han gjorde seg sine tankar…