42. Torpederinga av M/S «Takstaas»

 

Marsteinen 11. mai 1979
Finn Dyngvold

Eit 40 års minne

I oktober 1939 vart frakteskipet «Takstaas» av Arendal torpedert utanfor Marstein fyr av ein tysk ubåt. Truleg finst det mange austevollingar som hugsar denne hendinga som bokstaveleg tala sette varige spor etter seg.
Her er historia slik eg fekk henne fortalt av Olav Drønen.
– Hausten 1939 var andre verdskrigen brote ut medan Noreg framleis var nøytralt. For å halda på nøytraliteten måtte me vakta den lange kystlina vår, og det vart stor spurnad etter offiserar til vaktfartøya.
Sommaren same året var Olav Drønen ferdig med skipsførarskulen i Farsund og det var meininga at han skulle ha mønstra ut på ein Brøvig-båt. I staden vart han kalla inn til nøytralitetsteneste og fekk eit lynkurs i Horten. Deretter vart det teneste om bord i torpedobåten «Sel», som den oktoberdagen var stasjonert i Brandasund.
«Takstaas» var eit 2 000 tonns lasteskip, som var på veg frå Kvitsjøen til England med tømmer. Dei tyske ubåtane låg like utanfor 3-mils grensa og straks handelsskipa stakk baugen ut i internasjonalt farvatn, fekk mannskapet ordre om å gå i båtane. Dei ville verta torpedert. Dette var tidleg i krigen – seinare skulle ubåtkrigføringa verta monaleg meir brutal.
Såleis gjekk det så òg med «Takstaas». Torpedoen trefte midtskips og båten klovna, men sokk ikkje.
«Sel» var den fyrste båten som kom til. Drønen og ein anna hoppa om bord i «Takstaas», fann tauverk og fekk slepa over til «Sel». På grunn av vind og straum fann dei det best å gå sørover og prøva å gå inn i Selbjørnsfjorden. Slik vart også gjort og slepet gjekk fint. Imens var ein annan båt komen som tok over kommandoen. Det var kontraordre at slepet skulle gå rett inn Krossfjorden. Drønen var då framleis om bord og han merka straks kor «Takstaas» arbeidde mykje tyngre i sjøen. Dette går ikkje bra. Og ganske riktig. Etter kort tid brotna båten tvert av og framparten sokk raskt. Drønen og kameraten fall i sjøen, men vart etter 20-25 minuttar i sjøen berga av ein gavlbåt frå Litlakalsøy. Diverre hugsar han ikkje namnet på båten eller dei som berga han.
Kva som vidare hende med akterparten på «Takstaas» er ei soge for seg. Det som framleis flaut, vart berga og slept inn til Kobbaneset på Selbjørn. Sjølve skipet vart ombygd til flytekran som har operert på hamna i Bergen inntil våre dagar under det sterke namnet «Samson». Mellom anna var det «Samson» som trekte hydrofoilen «Teisten» av grunn då den for på grunn i Bårdsundet i tett tåke for nokre år sidan.
Skipslasta vart selt på auksjon til glede for mang ein austevolling, og såleis gjekk det altså til den gongen for snart 40 år sidan, at tømmer hoggen nord i Russland på veg til England, i staden hamna i Austevoll som bordkledning i stover og naust.