43. Abelone ved havet

 

Av finn Dyngvold
Marsteinen 31. Juli 1980

Det kom ein gong eit brev til Møgster. Utanpå konvolutten stod det berre Abelone ude ved havet.
For det som stod i ein avisnotis i 1953 den gong Abelone fylte 70 år: Det finnes bare en Abelone og det er Abelone Møkster.
Handelsmann, ekspeditør, murar, snikrar, treskjerar – og engelen frå Ravensbrück.
Ja, det finst berre ei Abelone…

Før krigen byrja ho med handel på den vesle øya ute i havgapet der alle levde av fiske. Og handelsmann i eit fiskedistrikt i dei dagar det var nummer to etter Vårherre det. Der fekk fiskarane utrusting og når fisket slo feil skreiv dei på krita. Ho måtte òg ta imot fisken og få den selt vidare, noko som ikkje alltid var så lett.
Men Abelona treivst i denne rolla. Ho grisla på, uforferda, full av idear og tiltak. Svær i kjeften og ramsalt i replikken som bylgjene som vaskar rundt hennar kjære øy. I hovudstadsavisene vart ho kalla villfuglen frå vest – individualisten som aldri pakka orda sine inn i vatt, men sa det ho meinte både til leg og lærd. Det gjorde ho også til Gestapo – noko som kosta henne tre lange år i fangenskap.

Frå Møkster var det ingen organisert englandsfart under krigen, men på grunn av at øya ein gong låg der med Shetland som næraste nabo i vest, kom det ofte folk og bad om hjelp til å koma seg av stad. Mat og klede og ein Sabb til å koma seg over med. For sabba var det nok av på Møkster, like mange av som det var bilar i Oslo, påstod Abelone. Men navigasjonsutstyr var det dårlegare med og resultatet vart at dei fleste måtte snu.

Tyskarane fekk snusen i dette og midtsommaren 1942 var det slutt.
Abelone fortel:
– Den 25. juni 1942 ble den største merkedagen i mitt liv for nettopp den dagen ble jeg tatt av tyskerne, det var visstnok en fredag.
Gestapo hadde vore på Rubbestadneset og hadde med seg fleire, mellom anna Ola Olsen, kontorsjefen hos Wichman som var ein sentral person i englandsfarten. No var det Abelones tur. Mannfolka vart ordra på kaien, radioen vart sett på full styrke for å overdøyva skrika og torturisten Arendt sette i gang med gummikølla medan ein annan heldt den tilårskomne, vesle kvinna i ei skrustike. Då Abelone rava opp frå rommet, møtte ho den norske tolken på dekket:
¬– Du skulle halde deg for god til å fare med dette pjakket!
– Pass kjeften din Abelone.
– Pass kjeften din sjølv!
Natt til laurdag måtte dei liggja i båten ved kaien. Fraus gjorde ho og mørbanka som ho var, skulle nattetimane bli ei liding.
Laurdagsmorgon drog dei så til Bergen, men var oppom Klokkarvik og henta lensmannen – Anders Vassenden.
Som Abelone så treffande seier det:
– Nu var vi altså hele klubben på vei til Bergen.
Det heldt på å rakna for motstandsrørsla her vest den sommaren.

Abelone vart sett i Bergen krinsfengsel fram til nyår 1943, kom så på Grini og i mai same året bar det vidare til Tyskland om bord på fangeskipet «Monte Rosa».
Då Abelone stod ved kaien utanfor Akershus og såg den svære grå holken med kanonar og luftskyts, fall ho i tankar. Her er hennar eigne ord:
– I min grønne ungdom hadde jeg alltid svermet for en tur utenlands med båt. Liker meg alltid best ved kysten. Men at dette skulle fullbyrdes på denne måten, det hadde jeg ikke drømt om selv i min villeste fantasi.
Men legg ho til.
– Men hva kan der ikke skje i et langt liv?
Det var inga turistreis med «Monte Rosa», heller ikkje seinare. Det vart i staden to lange år med død og liding på stadar der ho fekk sjå mennesket i si største fornedring, men òg hjartelag som sprengde alle grenser. Redslene frå konsentrasjonsleirane er skildra inngåande så mange gongar at det skulle vera vel kjend, men la det vera sagt at Abelone såg det meste. Ho såg jødetransportane koma seg inn gong etter gong for straks å bli sendt vidare til gasskamra. Ho levde saman med 15 000 fangar i søla og skit på eit område ein lett kunne gå rundt på eit kvarter. Ho såg menneske døy dagleg rundt seg av svolt og sjukdom. Ho var med i fangetransportar – 70 personar i ei krøttervogn, fem døger undervegs utan å kunna leggja seg ned. Dei måtte sitja på huk med armane rundt knea. På slutten rakna all organisering. Ho såg likhaugane stabla opp på vaskeroma og korleis fangane kraup over for å få tak i vatn.
Ho vart teken ut til dødsmarsjen til Mauthausen som alle i Ravensbrück trudde var siste reis. Lise Børsum fortel i boka Fange i Ravensbrück på side 332: Vi trodde at de som dro til Mauthausen gikk i døden. Mauthausen hadde vært en av de værste tilintetgjørelsesleirene for menn som hadde arbeidet i steinbrudd hvor de hadde dødd av utmattelse og sult. Lang vei var det også dit, det skulle ikke gjøre det noe bedre. La en gang Abelone beskrive Mauthausen for deg!
Abelone trudde sjølv ho den gong at ho var ferdig. Ha var smerteleg klar over det at ho var eldst av dei norske fangane og dei gamle skulle forsvinna i natt og tåka. Dei var N.N. fangar som tyskarane sa (Narcht und Nebel = natt og tåke). Marsjen opp frå jernbanestasjonen og til leiren som låg på ei høgd, var eit helvete. Etter kort tid var det ein som stupte og like etter høyrde dei eit skot. I elt fall det seks skot før dei nådde fram.

Dødsmarsjen til Mauthausen…
Men oppi all denne menneskelege liding og ytterste naud vart vesle Abelone – eldst og minst av dei alle – eit fyrtårn i mørket av glede, ukueleg optimisme og pågangsmot og den som heldt liv i dei andre.
Vi lar Sigrid Heide – hennar nære medfange frå desse åra – målbera det dei alle følte:

– Den lange morgonappellen har fire lyspunkter: synet av det uendelege himmelhvelvet, den friske luften og Abelone og Kristin.
Abelone er frå Vestlandet. Abelone er Vestlandet. Abelone er ein del av Norge. Hun er eldst og den yngste i flokken. Det brune værbitte ansiktet under den tette, jerngrå og korte manken minner om holmen av norsk granitt, furet og blankskuret av sjøen. Den lille skikkelsen gnistrer av fortettet energi og styrke. Stemmen er ru som ubehandlet malm.

Abelone kan alt og gjør alt, fra å reparere senger og spikre miniatyrtøfler til å synge. På sin klingende vestlandsdialekt brøler hun de gamle, evigunge folketoner så Tora ser norske fjell og daler heve og senke seg i horisonten, og blå og grå geiter klatre i fjellet så steinen spruter.

Abelone synger sørgmodige viser også, om en sjømann som sviket sin brud. Men det sørgelige får hun ikke riktig til. Når hun kommer til det mest bedrøvelige, begynner de andre å le – og så vil ikke Abelone synge mer. I stedet forteller hun om øya hvor hun er en ubestridt hersker.
Men å strikke liker ikke Abelone, og hun er livende redd for lus.
Menge av utlendingane tror simpelten ikke hun er sann.

Eingong i byrjinga av 1970-åra då Abelone vart liggjande sjuk og hjelpelaus lenka til senga, kom det eit brev til sjukeheimen poststempla i Oslo. Det var frå ein medfange som hadde fått vita at Abelone var alvorleg sjuk. Det var eit rørande brev der ho bad om at dersom det var mogleg måtte ho få gjera noko for Abelone som hadde betydd så mykje for henne og alle dei andre for 30 år sidan.
Abelone ude ved havet – engelen fra Ravensbrück…

Kjelder:
Lise Børsum: Fange i Ravensbrück
Sigrid Heide: Kanskje i morgen
Dessutan eit manuskript som Abelone skreiv i slutten av 50-åra: Tre år av mitt liv, som aldri vart utgjeve.