Butikk med sjel

 Nyhende  Innspel avslått på Butikk med sjel
okt 012017
 

Steinar Aarland veg godteposen til Eirik Blix, som har råd til litt til. Veslebroren Magnus tok for 30 kroner på fyrste forsøk. I kassa bak ekspiderer Nils Harald Aarland. (Tekst og foto: May Linn Clement.)

– Det vert 25 kroner, seier Steinar Aarland i kassa.
– Då kan eg finna litt til, seier Eirik Blix (9) og tek godteposen med seg inn att i butikken. Han kjem snart attende til kassa.
– Er det 30 kroner du har? Då har du råd til éin ting til. No var det 29, seier Steinar når han veger innhaldet i posen. Eirik gjer som Steinar rår til, og treff rett på 30 på tredje forsøk.
– Eg tok for 30 kroner på fyrste forsøk, seier veslebroren Magnus, og brørne tek posane med seg ut i sola.

Bli med til Joker Stolmen i Marsteinen i dag.

Austevollsjark sokk i Skoltafjorden

 Nyhende  Innspel avslått på Austevollsjark sokk i Skoltafjorden
okt 012017
 

«Astrid» sokk i Skoltafjorden sundag. Foto: Magnar Lyngstad.

Sjarken «Astrid» sokk utanfor Kvalvågen på morgonen sundag. Båten var på makrellfiskeri, og hadde kasta då båten krenga. Sjarkeigar Anders Magne Taranger fortel til BT.no at han ikkje kan forklara kantringa, og at det i alle høve ikkje er snakk om for mykje makrell i nóta, slik Hovudredningssentralen i Sør-Noreg tidlegare skal ha uttalt.

Dei fem om bord vart berga, og båten vart liggjande med kjølen i vêret i halvannan time før han gjekk ned like før klokka 09:00 sundag.

Det var etter måten pent vêr i området sundagsmorgonen.

Nye reglar for hummarfisket

 Nyhende  Innspel avslått på Nye reglar for hummarfisket
sep 282017
 

Det er nye reglar for hummarfisket i år.

Når hummarfisket opnar, må du mellom anna ha registrert deg hos fiskeridirektoratet før den fyrste teina går i sjøen. Frå neste år kjem det krav om at delar av tråden i teina skal vera nedbryteleg.

 

Ei rekkje ferske reglar er på plass når hummarsesongen startar sundag, der den største endringa er at kvar fiskar må registrera seg. Dette gjer ein på verdsveven, der ein deretter får tildelt eit deltakarnummer. For fritidsfiskarar må vaket deretter påførast namn, adresse og deltakarnummer.

Statssekretær Ronny Berg i Nærings- og fiskeridepartementet seier at Havforskingsinstituttet har påpeika kor viktig det er med pålitelege tal for total innsats og fangst av hummar. Det må til for at ein skal etablera ei berekraftig og kunnskapsbasert forvalting av hummaren.

­– Den obligatoriske påmeldingsordninga gjevr grunnlag for utvalgsundersøkingar for innhenting av informasjon om fisket, seier Berg til Marsteinen.

Les resten av saka på PDF eller papir i dag.

Tradisjonsmat for ganen

 Nyhende  Innspel avslått på Tradisjonsmat for ganen
sep 282017
 

Solveig Salthella (81) med kamsgryta si. I avisa i dag får du òg oppskrifta på godsakene.

Et du med augo, får du gjerne vanskar med kams. Lukkar du dei og let ganen gjera jobben, forstår du kanskje kvifor retten vart omtala som havstrilens nasjonalrett.

 

Kva får godt vaksne menneske til å funkla i augo og slikka seg om munnen når denne tilsynelatande udelikate retten blir samtaleemne? Nærare to tiår etter eg sjølv sist sette tennene i den mektige, komleliknande deigen som er pressa inn bak andletet til ei ulukkeleg brosme, dreg eg til Salthella for å finna det ut.

Det er berre eit ørlite drag av haust når eg løftar panna med fiskehovud ut frå bagasjerommet. Solveig Salthella (81) tek i mot, medan eg hentar den andre panna, der fiskelevra han fått liggja i kaldt vatn sidan den ferske fisken vart henta på flytebryggja til Per Teigen dagen i førevegen.

– Fyrst skal me skrubba hovuda, ta hinna av levra og fjerna ureinheiter, viss det er, seier Solveig og går inn i grovkjøkenet i kjellaren. Her har ho ein liten kjøkenbenk med vask og ein utslagsvask. Oppgåva mi vert å skrubba hovuda på den tidlegare langstrekte torskefisken fri for slim. Ei takksam oppgåve.

Å få tak i brosme på same tida det har passa for kamsmeisteren, har vore ei krevjande øving. Og flaks at det var akkurat i går hobbyfiskaren gjekk ut, dagen i dag er den siste Solveig har sjans, for i morgon ber det til Hagavika: Ei utsliten hofte skal skiftast ut. Kjekt med reservedelar.

Les oppskrifter og resten av saka på PDF i dag.

Mosjon på matter

 Nyhende  Innspel avslått på Mosjon på matter
sep 222017
 

Marion Hagen Ellingsen, Victoria Godø, Magnus Emil Bjørkelund, Domas Abazorius, Isabella Sjursen og Mikael Neumann hoppar som froskar. Tekst og foto: May Linn Clement.

Barna ligg samamrulla som små frø i jorda, eller hoppar som froskar når Marie H. Skulstad har yogatimar i Hoppensprett Haugland Gardsbarnehage. Gjennom eit eventyr der barna sjølve er skrivne inn, rettleiar ho dei med pusteøvingar, avslapping og gøy trening.

Les meir i Marsteinen neste veke.

Siste innspurt rundt kystsoneplanen

 Nyhende  Innspel avslått på Siste innspurt rundt kystsoneplanen
sep 212017
 

Morten Storebø (H) seier det knapt har gått éi veke etter han vart ordførar i 2015, utan at han har arbeidd med regional kystsoneplan. Førre veke møtte han fylkespolitikarar og representantar frå dei andre kommunane som er omhandla av planen.
– Planen er for detaljert. Det høyrer ikkje heime i ein overordna, regional plan å seia på millimeteren kor stort eit naust skal vera, seier ordførar Morten Storebø. Han har fleire problem med kystsoneplanen, som skal opp og avgjerast i fylkestinget den 3. oktober.
– Formålet med planen er eigentleg bra, men når me ser korleis han hindrar utvikling i havbruksnæringa, vil det ha store konsekvensar for oss, seier Storebø til Marsteinen. Han hadde ei god kjensle etter møtet førre veke.
– Eg har inntrykk av at fylkespolitikarane ynskjer å koma oss i møte på viktige punkt, og at dei vil ha eit breitt politisk forlik i fylkestinget. Det er positivt.

Samlar inn til demens-forsking

 Nyhende  Innspel avslått på Samlar inn til demens-forsking
sep 212017
 

På laurdag vil bøsseberarar frå Nasjonalforeningen Austevoll Demensforening saman med Stolmen Helselag stå ved butikkar i kommunen, og samla inn pengar til Demensaksjonen. Midlane går til forsking på demens, ein dødeleg hjernesjukdom som i dag rundt 77 000 nordmenn er råka av.
– Fleire forskarar ser det no som sannsynleg at me vil knekka demenskoden i nær framtid, og me ser fram til den dagen me ikkje treng uroa oss for demens, skriv Nasjonalforeningen for folkehelsen i eit presseskriv.

Ikkje set garn nær gytebekkar

 Nyhende  Innspel avslått på Ikkje set garn nær gytebekkar
sep 212017
 

Politiet sjekkar maskevidde på dei ulovlege garna dei konfiskerte denne veka. Reglar og føreskrifter som gjeld ser du under.

 

Desse reglane må du fylgja om du fiskar med garn. Sjå elles nyhendesak i avisa i dag. Continue reading »

Store ballar til beundring

 Nyhende  Innspel avslått på Store ballar til beundring
sep 212017
 

Gro van der Meeren vil gjerne ha hendene sine på geléballane.

Ein uidentifisert geléball har gjort Gro van der Meeren og Havforskingsinstituttet til medieynglingar dei siste vekene. Sjølv har ho klåre teoriar om kva ho trur ballen er … Continue reading »