Kakekunstnaren

 Nyhende  Innspel avslått på Kakekunstnaren
aug 302018
 
Kakekunstnaren

Ho har fått folk til å måpa over mangt eit kakebord. Men Kristín Eik Gústafsdóttir bakar aldri til seg sjølv. Les heile saka i Marsteinen.

Kyst i adle ledd

 Nyhende  Innspel avslått på Kyst i adle ledd
aug 302018
 
Kyst i adle ledd

I dagens Marsteinen tek me deg attende til Kystsogehelga i Bekkjarvik. Du får mellom anna omtalar av konsertane med Didrik Sollie-Tangen og Solveig Leithaug. Les alt i Marsteinen.

Mellom pensum og pelletar

 Nyhende  Innspel avslått på Mellom pensum og pelletar
aug 302018
 
Mellom pensum og pelletar

Når lærlingen Eileen Tonheim Austevoll (19) ikkje er på eit av anlegga til Lerøy, tek ho studiespesialiserande påbygg som privatist. Les heile saka i Marsteinen.

Austevoll best på næringsliv

 Nyhende  Innspel avslått på Austevoll best på næringsliv
aug 242018
 

Jamt over kjem Austevoll godt ut i NHOs kommune-NM 2018. Under nærings-fana tronar Austevoll øvst blant alle kommunane i landet. Tala viser mellom anna at austevollingane over 17 år i snitt tener 540 900 kroner årleg, medan snittet i landet ligg på 413 966 kroner. Austevoll er kommunen i landet som kjøper flest private tenester Les meir

Marsteinen og opninga av Austevollbadet

 Nyhende  Innspel avslått på Marsteinen og opninga av Austevollbadet
aug 242018
 
Marsteinen og opninga av Austevollbadet

Mange lesarar sakna ei langt breiare dekking av opning av Austevollbadet, og tolkar det som manglande interesse for den praktfulle folkebadet me har fått i kommunen.

Havforskarane ryddar Hyltropollen

 Nyhende  Innspel avslått på Havforskarane ryddar Hyltropollen
aug 232018
 

  IMG_0459 from Marsteinen on Vimeo. Heile dekket til «SAS Leo» vart fylt med gamalt skort då tilsette frå Havforskningsinstituttet si avdeling i Austevoll skipa strandryddedag sin. Hyltropollen var eit tidleg pionéranlegg for torskeoppdrett, og fekk seinare påfyll av ei rekkje andre artar. Seinare vart anlegget seld til andre aktørar, vart nedlagt og heile området vart lite Les meir

– Fylkeskommunen sitt ansvar

 Nyhende  Innspel avslått på – Fylkeskommunen sitt ansvar
aug 232018
 
– Fylkeskommunen sitt ansvar

Ordførar Morten Storebø (H) er provosert når fylkeskommunen vurderer å kutta i ruteproduksjonen til og frå kommunen. Ansvaret kan dei ikkje sigla  frå, meiner han.   Morten Storebø poengterer at ferjetransport allereie er ein knapp ressurs for næringsliv, pendlarar og vanlege reisande til og frå øyknippet. I stadige møte med fylkeskommunal leiing, både politisk og Les meir

Billeg med bussen

 Nyhende  Innspel avslått på Billeg med bussen
aug 232018
 
Billeg med bussen

– Og skal du til dømes berre opp på butikken og kjøpa ein kartong mjølk og eit brød, kan du reisa på same billett. Altså betala 37 kroner, tur – retur, så lenge du set foten din på bussen innan 90 minutt etter at du kjøpte den, opplyser Tide-sjåfør Heidi Sekkingstad. Les heile saka i Les meir

Haust og hybelliv

 Nyhende  Innspel avslått på Haust og hybelliv
aug 232018
 
Haust og hybelliv

I år er det 79 elevar ved Austevoll vidaregåande skule som ikkje kjem frå kommunen vår. Kristoffer Sjo (17), Joachim Børnes (17) og Kjell Magne Johansen fortel oss litt om hybellivet i Austevoll. Les heile saka i Marsteinen.