mar 012017
 

Rekonstruering av augneblinken då det gjekk opp for meg kva eg har gjort. (Tekst, foto og person på biletet: Ei skamfull May Linn Clement)

Den lett observante lesar vil rista oppgitt på hovudet når han får Marsteinen i hende i morgon.

– Kva som kjem på framsida i morgon, då?
Me er samla rundt middagsbordet, det er restar på tredje dagen, og eg kan pusta letta ut over at avisa er sendt i trykken. Redaktøren har teke ferie denne veka, og eg har ansvaret for det redaksjonelle.
– Trond har mellom anna portrettert presten, og på framsida skreiv eg at ho ikkje vil via likesinna.
Eg tek eit godt jafs av fiskegratengen og tygg i veg, nøgd over å ha slik ei aktuell sak på framsida.
– Likesinna…? spør han.
– Sa eg det? Eg meinte likekjønna, svarar eg, og sluttar brått å tyggja. Ein stein av tvil etablerer seg i magen. Skreiv eg likesinna? Eg stikk frå bordet og ut i gangen, opp med dataen og fram med dokumentet ”framside#9”. Der står marerittet, svart på kvitt.

Sokneprest Anne-Marie Sandve (60) vil ikkje via likesinna.

I desperasjon ringjer eg dagleg leiar Linda, som igjen kontaktar trykkeriet. Kan ho få stoppa pressa? Niks, framsida er allereie trykt opp.

I morgon vert 2 261* aviser lesne. Om me gangar det opp med fem lesarar per avis, vil det seia at 11 305 sett med augo kjem til å lesa at presten ikkje vil via likesinna. Ei meir alternativ sanning skal du leita lenge etter.

Det kjennest jævlig. Toppane av kjenslefjellet er tekne i eit glas vin, men framleis gjer det vondt. Dette er kanskje den største tabben eg har gjort som journalist i Marsteinen (2009-t.d.d.), i alle fall som eg kjem på her og no.

Det som er litt godt med dét, er å vita at nesten uansett kva glipp eg gjer frametter, vil det neppe overgå den eg nett har gjort.

*Opplagstal frå 2015. Korleis talet såg ut i 2016, vert fyrst offentleggjort om ei veke.